Overnatting NM ultralang og NC mellom

O-gruppa har tinga overnatting for NM Ultralang og NC mellom på Rauland 18-19. august. Det blir også organisert fellestransport med leigebilar frå Gardermoen eller Torp.

Overnattinga blir på Groven camping 16 km frå arena. I tråd med vedtak i sportsleg gruppe om å prioritere litt høgare overnattingsstandard framfor lågaste pris, er det bestilt to godt utstyrte 5-pers-hytter for 950 kr/natt. Med 7 påmeldte betyr det personpris på ca. 300 kr/natt.

Vi kan berre endre bookinga t.o.m. 26. juli, så påmeldinga er bindande etter fristen 25. juli.

 

Jakob Kalvig Skogan, reiseansvarleg

Jakob KS

Mang ein gong har eg vore kjær, men mi einaste ekte kjærleik, er mail.