Luke 24: Det du ikkje skulle tru at du kunne få til jul

No er det berre få timar igjen til julekvelden startar med julemat på bordet, mandel i graut eller riskrem, song og gåver. Dimed er vi også komne til siste luke i årets adventskalender, som eg av uviss grunn har fått æra av å levere. Her skal vi ta opp nettopp dette med julegåver. For i dagens konsumentsamfunn kor vi lever i ein pek-og-få-kultur, er det likevel ikkje sikkert at gåvepapiret under juletreet skjuler akkurat det du mest treng. I årets siste luke gjev eg deg derfor lista over gåver du som aktiv i o-gruppa faktisk har bruk for, men som du mest sannsynleg ikkje finn under juletreet likevel.
  • Batongkart
Vi er midt inne i sesongen for orienteringas svar på undervassrugby; skiorientering. Diverre er forholda i Trondheim sørgjeleg dårlege og utan teikn til betring, medan stafett-NM er nært føreståande. Så kva er løysinga? Jo, skiorienteringas svar på, vel… heilt seriøst finst det neppe noko svar på batong. Denne fantastiske treningsforma som er både, plass- og snøeffektiv, stressande, kaotisk og forvirrande på ein gong! Nokre timar i batongen er just det som skal til for å cruise inn til grønn, gul og svart-kledd pall på Sjusjøen i januar. Men, skal batongen gjere nytte for seg treng du kart, og dei skal du ikkje kjenne frå før, så du treng kart frå andre. Ergo er dette noko du skulle ønska deg til jul. Veleigna batongkart finn ein attpåtil gratis i diverse nettbaserte kartarkiv, så dette er ei ypparleg antikapitalistisk julegåve!  
  • Sju lag ullundertøy
I sluten av januar flyktar mange av oss frå det dårlege skiføret i Trondheim og over Kjølen til Bruksvallarna for å sanke kilometer og svensk bacon. Og er det noko du kan vere tryggare på enn at ein gjeng gutar i matrosdress synger på statskanalen kvar julekveld, så er det at i Bruks er det kaldt. VELDIG kaldt! For alle som ikkje er oppvaksne i ein lavvo på Finnmarksvidda er det difor naudsynt å sikre seg godt med isolasjon om turen skal bli litt meir enn hyttekos og/eller sjukeseng heile den påfølgjande veka. Eit greitt utgangspunkt er fem lag med to i reserve. Dette kan du eventuelt justere ut frå gjenverande spekklag etter romjula, og eigen fysisk form. Dårleg form gjev høg produksjon av kroppsvarme kombinert med låg fart og dertil luftmotstand, så isolasjonsbehovet er mindre.  
  • Nye hoppski
Dette er særleg aktuelt for dei som planlegg å bli hoppdronning/-konge under O-ball-vors (sjå luke 3 for ytterlegare guide), men ettersom ingen bør komme frå eit hoppvors med begge skia intakt er dette ei gåve mange vil trenge. Og kva er vel dessutan betre enn nye ski til jul? Til dette er det sjølvsagt viktig å spesifisere visse krav, slik at ikkje skia skuffar i bakken. Eit godt hoppvorspar skal vere korte (max kroppshøgde * sqrt(pi) / 2), ha god tupp for å takle den (forhåpentlegvis) lause snøen i unnarennet, samt vere tynne og lette så ein kan klatre opp og prøve igjen mange gongar utan å slite seg ut til dansinga. Litt permanent struktur er heller ikkje negativt. Nokre gode strekar i forskjellege retningar i såla er godt eigna under typisk trondheimsføre, for å drenere overflatevatn både i tilløp, unnarenn og under skrensing, samt bøye av lufta for å skape auka oppdrift.  
  • Betre arbeidsvanar
Gjennom sesongen skjer det mang ein ting i o-gruppa, og planlegg du å delta på mykje av det ser du straks mange skuledagar gå tapt. Om du vil unngå å droppe trening for lesestund i Spania, forsøk på å kombinere eksamensrepetisjon og bankettbuss etter Tio, eller bruke fridagen under O-ringen til konte-pugging, kan litt betre arbeidsvanar ⎼ eller berre arbeidsvanar i det heile tatt ⎼ vere eit greitt ønske. Det er kanskje meir diffust nøyaktig KVA ei slik gåve skal vere, men eg tenkjer meg eit kurs av noko slag. Gjerne eit som resulterer i ei umiddelbar manglande tru på eigne ferdigheiter og frykt for å underprestere. Sjå luke 3 for inngåande forklaring.  
  • Rik og gavmild onkel
For mange studentar er sommarferie synonymt med sommarjobb. Dette er ei nødvendigheit for mange som kjem i vegen for orientering, bading, hytte-til-hytte-tur og generell nyting av dei fire soldagane sommaren kan by på. Ei løysing på dette som ikkje inneber kraftig kutt i whisky-og-cigar-budsjettet er sjølvsagt å skaffe seg eit rikt familiemedlem med eit lausslept forhold til store pengegåver. Med dagens skilsmissestatistikk er dette absolutt ei potensiell gåve om du hintar litt, og ei som ein kvar god o-familie bør unne sin NTNU-student. Så kan ein bruke sommardagane til noko produktivt, slik som NM-samling i nord, i staden for å slite på eit sveitt kontor.   Eg håpar ikkje denne gjennomgangen gjer deg altfor skuffa over det som ligg under treet i år, og at du i staden kan sjå på det som potensielle bursdags- og julegåver for neste år. Til slut vil eg seie at eg gleder meg stort til eit nytt år i NTNUI og ønskje alle blogglesarar ei god jul og eit godt nytt år!  
Kva skiorienteringa har tilførd verda, spør du?

Kva skiorienteringa har tilførd verda, spør du?