112-års jubileum 9. okt

HU OG HEI!
For 2 år sidan vart NTNUI-langrenn 110 år, og alle runde tal skal bli feira. Grunna covid-19 blei festen avlyst, men no kjem endeleg ei slags feiring!!

NTNUI-langrenn har ein lang tradisjon for å bestå av ein gjeng med seige, søte jenter og sterke, kjekke gutar. Endeleg er tida inne for å hylla dette. Dei som ynskjer er difor velkomne til å vera med på ein 112 km lang rulleskitur til ære for verdas beste klubb <3

  • Om 112 km høyres i overkant langt ut, er det også lov å vera med frå start for deretter å hoppa av i løpet av runden! Alle er sjølvsagt velkomne.
  • Det blir gode pauser og matservering under økta
  • Me opnar også opp for moglegheit for å sykla i staden for å gå rulleski om nokon ynskjer dette. Men, då syklar ein i same tempo som tetgruppa som går rulleski slik at me er mest mogleg samla.

Oppmøte vert på Stavne Bru klokka 08.00
Planlagt løype kjem på Slack i løpet av kort tid 🙂

OBS!! Etter turen tek me feiringa vidare til Barmuda på Solsiden for Cavasøndag!! 

Håpar mange kjem for å feira 112-årsjubileum saman med oss!

 

Kontaktinfo:
Ingeborg Hoftun (Epost: ingeborg.hoftun@ntnui.no)


Påmeldingsfristen er Utgått (9. okt)


Påmeldte

Data om påmeldte er slettet siden det har gått mer enn 10 dager siden arrangementet var avsluttet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *