Tour de Sweco 2017 7. - 9. feb

NTNUI Langrenn er klare for eitt av årets desiderte høgdepunkt, og har med dette opna påmeldinga til Tour de Sweco 2017. Her blir det høg fart frå start til mål, syre til øyrene og prestisjetunge duellar. Ein gylden sjanse til å vise kven som er NTNUI Langrenn sin mest komplette utøvar.

Generelt: oppmøte framfor hovudbygget på Gløshaugen. Herifrå vil det bli transport i privatbilar. Oppmodar derfor alle som har bil til å møte her. På torsdag etter rennet er det bedriftspresentasjon med Sweco på Studenterhytta. Dersom det er mange nok påmelde, vil det bli sett opp busstransport til og frå torsdag. Informasjon i kalendaren på heimesida vil alltid vere gjeldande.

Program

Tirsdag 07. feb
Prolog 5km/5km. Fjellseter, Bymarka. Rennstart 1900. Avreise 1800.
Stilart: Friteknikk

Onsdag 08. feb
Fellesstart 10km/15km. Granåsen. Rennstart 2000. Avreise 1900.
Stilart: Klassisk

Torsdag 09. feb
Finale 8km/8km. Ferista-Skistua (eventuelt Fjellseter dersom lite snø). Rennstart 1900. Avreise 1800.
Stilart: Friteknikk

Etter målgang torsdag blir det dusj og middag på Studenterhytta, med bedriftspresentasjon av Sweco. Påmelding til middag her.

Styret gledar seg stort til Touren, og satsar på like bra oppmøte i år som i fjor!

Kontaktinfo:
Frida Øygard (Epost: frioyg14@gmail.com)


Påmeldingsfristen er Utgått (9. feb)


Påmeldte

Data om påmeldte er slettet siden det har gått mer enn 10 dager siden arrangementet var avsluttet.

3 thoughts on “Tour de Sweco 2017

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *