Tilbaketråkk: årets juleøltest

Vala og serveringsdamene

Eit altfor forsinka innlegg, og dermed eit lite tilbaketråkk til årets juleøltest! I tråd med stolte tradisjonar i langrennsgruppa, vart juleøltesten arrangert 19. november. Med over 60 påmeldte og ein sos-kom som hadde handla inn det enkelte vil påstå var altfor store mengde testmateriale, var det duka for nok ein legendarisk kveld i regi av herr Vala.
Les videre

Høstens happening: juleøltest @Bøcks Palace

Har høsten gått altfor fort, og eksamensstresset begynt å komme? Er du stressa for at du ikkje vil finne rett skismøring til årets hyttekarusell? Eller er du bekymra over at treninga har gått i i5 heile høsten, når det var i3 som var planen? Kanskje treng du ei pause frå kvardagen? Kanskje er du ivrig etter å smake juleøl nøye utvalgt av NTNUI Langrenn sitt ekspertpanel? Er du spent på om punsjen er sterkare i år enn i fjor? Treng du fleire tags på facebook? Eller ei unnskyldning for å innta dansegolvet på Downtown?

Uansett motivasjon eller ikkje-motivasjon, har styret v/Jørund Vala gleden av å invitere til juleøltesting i Bøcks palace. Dette er ein tradisjonsrik event i langrennsgruppa, med stoor stemning og tilsvarande dårlige smaksløkar. Meld deg på HER 🙂

skjermbilde-2016-11-08-kl-22-33-35

Langrennsgruppa overtar NTNUI sin instagramkonto

I samband med snøsamling i Bruks, overtar Langrennsgruppa NTNUI sin instagramkonto denne veka. Styret er allereie godt i gang med å promotere langrennsgruppa sine aktivitetar for dei som (dessverre/heldigvis?) ikkje er like kjende med kva som ligg i omgrepa tirsdags-hufs, Byneset rundt og i3-intervall.

skjermbilde-2016-11-03-kl-13-51-52

 

På vegne av styret oppmodast det derfor om å etterstrebe å sjå best mogleg ut kvar gong det er eit kamera i nærleiken, gjerne med ekstremt overdriven hopping, vinking og/eller latteranfall. Blir også tatt godt i mot dersom du har eit bilete som eignar seg på sosiale media! Ta då gjerne kontakt med Diddern, G-dawg eller andre i styret.

Race Report – Gråkallen Opp

Etter habil innsats på alt frå trening, konkurransar, Trysil-samling (spesielt klesbytte-konkurransen) og o-løp, har Sven-Erik Kaiser blitt eit kjært medlem av langrennsfamilien. På søndag deltok han på Gråkallen Opp. Her sprang han inn til tida 38:34, og sikra seg ei meget respektabel topp 10 plassering i startfeltet.

13198530_1182825001750921_931616479158539448_o

Langrennsgruppa har vore så heldige og fått eit innblikk i Kaiser sine førebuingar og gjennomføring av konkurransen. Klikk her for å lese hans eigne ord om elleville treningsøkter og knallhard mental styrke.  Les videre

Resultat Gråkallen Opp 2016

På søndag gikk årets Gråkallen Opp av stabelen. Dette er eit motbakkeløp på 7,7 km frå Ilaparken til Gråkallen Panorama, og arrangerast av NTNUI Langrenn og primus motor Ivar Marthinusen. I år vart den tidlegare løyperekorden på 36:38 smadra av Johan Bugge, som klokka inn på fine 32:26. Av langrennsgruppa sine deltakarar kan ein trekke fram at Ingeborg Treu Røe stakk av med klassesigeren (nr. 4 totalt i dameklassen), og at Didrik Graham Henriksen og Sven-Erik Kaiser begge sprang inn topp 10 hos herrene.

Alt overskotet frå løpet går til TV-aksjonen. Årets bidrag vart på 26,435 kroner! Fantastisk at så mange stilte opp som funksjonærar og deltakarar, men vi håpar at endå fleire stiller opp under neste års løp.

logo-300x120logo

Under er topp 3 resultat, samt tidene og plassering til alle i langrennsgruppa.

Tidene til årets NTNUIere

Damer

1 Anne Nevin 39:27
2 Mariann Renate Lande 42:54
3 Katharina Kahrs 43:05
Ingeborg Treu Røe 43:17
Hanna Sæverås Breivold 46:17

Herrer

1 Johan Bugge 32:26
2 Henning Offigstad 36:12
3 Gjermund Nordskar 36:35
Didrik Graham Henriksen 38:20
Sven-Erik Kaiser 38:34
Jakob Meløy 41:09
Anton Heldal 42:44
Stian Kroken 43:27
Martin Dorber 43:34
Eirik Storås Thorbjørnsen 44:26
Steffen Bakker 46:52

Fullstendig resultatliste her.