Tilbaketråkk: årets juleøltest

Vala og serveringsdamene

Eit altfor forsinka innlegg, og dermed eit lite tilbaketråkk til årets juleøltest! I tråd med stolte tradisjonar i langrennsgruppa, vart juleøltesten arrangert 19. november. Med over 60 påmeldte og ein sos-kom som hadde handla inn det enkelte vil påstå var altfor store mengde testmateriale, var det duka for nok ein legendarisk kveld i regi av herr Vala.

Nikolai med tidsriktig antrekk: shorts + ullsokkar

Nytt av året var at Bøcks Palace stilte som arrangør. Det er tydeleg at mannfolka i Bøcks kan meir enn toppidrett: Vassendgutane vart spelt hyppig på anlegget, gløggen var godt iblanda voksenbrus og stova dekorert med neonlys (i skiftande fargar!) og det som ha vore eit eigenpynta juletre. Med andre ord alt som skal til for ein suksessrik fest.

Juletre og neonlys. Sitat: «Ah shit, sånn her vil jeg ha det hjemme også!»

Som mange år før, vart det testa 6 typar juleøl. Også i år var kanskje den største spenninga knytt til kva ølsort som var eigenprodusert av ildsjelar i NTNUI Langrenn. Det kan nemnast at fjorårets eigenproduserte juleøl hadde vore nokså lett identifiserbar, då den besto av eit betydeleg tal ikkje-så-identifiserbare klumpar og rusk. Ville årets vere vanskelegare å sjå/smake seg fram til?

God stemning!

Då Bøcks var minst like fullt med folk som Bodegaen er på ein jamn laurdagskveld, erklærte Vala juleøltesten for starta. Nevnte Vala hadde for anledningen anskaffa serveringsdamer av ypparste klasse: Ingrid Skrede, Britt Ingunn Nydal og Madeleine Heiberg. For dei som kjenner Ingrid frå før, var det nok inga overrasking av serveringsantrekket var tatt ’heilt ut’, i form av dirndl. Dette bør absolutt vidareførast til neste år.

Amanda og Jonas med årets poengskjema

Ved første servering gjekk samtlege deltakarar i gang med å bedømme testkriteria: farge, duft, smak, fylde, ettersmak og bånske-faktor. Her var det stort fokus på å bedømme riktig og rettferdig poengsum, spesielt smak og duft, og å gjette seg fram til riktig øltype. Ved fjerde og femte servering hadde fokuset hos dei fleste flytta seg over til bånskefaktoren. Enkelte var svært ivrige på å teste dette kriteriet, noko dei kanskje angra litt på då heimebrygget vart servert i siste omgang. Andre hadde også valgt å inkludere eigne drikkevarer i testen, ein taktikk spesielt anbefalt før DT.

 

 

Kan det vere dansemovesa som sikra Klokkehaug ledartrøya?

Sos-kom tok ansvaret for å telle opp poengsummen, og Klokkehaug tok ansvar for swing-opplæringa. For dei som har like lite rytmisk teft på dansegolvet som Finn Schjøll, føregjekk det diverse ballspel (no pun intended) på loftet. Det kan nemnast at Jakob Meløy, trippel kretsmestar i S&fj, var ein ubestridt mestar også her.

Deretter var det tid for kåringane. Årets vinnar av juleøltesten vart ingen ringare enn Joachim Klungseth, med 6 av 6 rette. Dette er, etter kva underteikna veit, rekord i langrennsgruppa. Prisen for årets juleøl hugsar eg ikkje…… Tar i mot tips.

Med andre ord ein vel blåst juleøltest, og tommel opp for Bøcks og sos-kom sitt eineståande arrangement!

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *