I samband med snøsamling i Bruks, overtar Langrennsgruppa NTNUI sin instagramkonto denne veka. Styret er allereie godt i gang med å promotere langrennsgruppa sine aktivitetar for dei som (dessverre/heldigvis?) ikkje er like kjende med kva som ligg i omgrepa tirsdags-hufs, Byneset rundt og i3-intervall.
På vegne av styret oppmodast det derfor om å etterstrebe å sjå best mogleg ut kvar gong det er eit kamera i nærleiken, gjerne med ekstremt overdriven hopping, vinking og/eller latteranfall. Blir også tatt godt i mot dersom du har eit bilete som eignar seg på sosiale media! Ta då gjerne kontakt med Diddern, G-dawg eller andre i styret.