Som dei fleste er klare over, må ein ved påmelding på langrennsgruppa sine arrangement, samlingar etc krysse av for ja/nei på spørsmålet om refusjon. I det siste har underteikna mottatt mange fortvilte, sinte og gråtkvalte henvendingar (les: to meldingar på facebook) om kva dette faktisk betyr. Hald fast, her kjem oppklaringa:
- Har gjort/skal gjere dugnad for langrennsgruppa i løpet av sesongen
- Ved konkurranse: deltar for NTNUI i riktig bekledning
- Har betalt medlemskap i NTNUI
Om du ikkje oppfyller desse kriteria får du ikkje refundert startkontingent, og må betale fullpris på samlingar.
Presisering #2: På påmelding til treningssamling er det ikkje snakk om refusjon i ettertid, men referert til om du oppfyller krava ovanfor for å få medlemspris.
Hovudpoenget er altså at du MÅ ha betalt medlemskap i NTNUI for å dra nytte av medlemsfordelane/refusjon i langrennsgruppa. Dette er inkludert i SiT sitt treningskort, eller du kan kjøpe det for den nette sum av kr 550, også hos SiT.
Dersom du ikkje har oblatet på NTNU-kortet, må du på eit eller anna vis dokumentere at du har betalt medlemsavgift og at du er student ved NTNU. Kreativitet setjast pris på i ein ellers trist kasserarkvardag.
Ettersom dette er eit nytt opplegg, er det full forståelse for at det kan vere vanskeleg å forstå. Derfor følgjer medlemsbevis-for-dummies:
Medlemsbevis for dummies
- Finn ei kopimaskin. Legg medlemsbeviset ditt med NTNUI-oblat på kopimaskina. Ta kopi. Marker gjerne med navn, for å gjere jobben min litt enklare.
Protip #1: legg medlemsbeviset med riktig side ned mot scanneren på kopimaskina.
Protip #2: om du ikkje har NTNUI-oblatet, må du likevel kunne dokumentere at du a) har betalt medlemsavgift på SiT (gjerne i form av kvittering + oblat) og at du b) er student.
- Lokaliser den røde permen på i-bygget @Gløs.
Protip #3: ikkje diss skrifta på permen.
- Opne permen, identifiser riktig skilleark for alfabetisk kategorisering, og arkiver kopien. Kategorisering går etter etternavn.
Proptip #4: ikkje forveksle fornavnet ditt med etternavnet.