Rulleskiløpar påkøyrt!

Forrige veke kunne Adressa melde om at ein rulleskiløpar hadde blitt påkøyrt i eit fotgjengarfelt i Trondheim. Lite visste ein då om at denne rulleskiløparen var ein av NTNUI Langrenn sine stolte medlem. Klikk her for eit eksklusivt intervju med hovudpersonen sjølv!

Oppdatert: MED hovudpersonen sine gylne tips for våghalsar!

skjermbilde-2016-10-24-kl-22-29-54

Mange hadde fått med seg artikkelen på Adressa denne torsdagen, men det var nok likevel få som hadde venta at dette hadde ramma nokon så nære. Det var først då Strava-oppdateringa tikka inn, at ein forsto kven den uheldige var – sjølvaste staukekongen Ole Hulbak, medlem av Nardo Elite.

Trenar Terje gir eit godt døme på sympatiske kommentarar som dukka opp

Det florerte med både sympati og ordrim i kommentarfeltet på Strava denne ettermidagen

Det er kanskje lite vits å spekulere i kvifor akkurat Hulbak vart ramma av dette uhellet. Nokre ville kanskje ha tenkt at Hulbak var i for god form (jf. tidl. Stravaøkter) og måtte takast ut av trening, eller kanskje det var mangel på gule og grøne fargar som gjorde han til eit uheldig trafikkoffer denne dagen. Underteikna har valt å droppe hypotesane, og har gått rett til kjelda sjølv:

Kan du fortelle om hendelsesforløpet denne dagen?

  • «Starta på den planlagde tre-timers stauketuren kl. 13.30 frå Nardo. Krysser gangfeltet i rundkjøringa på Utleirvegen om lag 10 minutt seinare. Såg varebilen komma og såg han bremsa ned, men då eg var halvvegs over gangfeltet, om lag eitt tidel før smellet, har eg varebilen i armkroken og skjønar at dette kjem til å smelle kraftig. Bilen stoppar ganske momentant etter ein hastighet på anslagsvis 30-40km/t. Eg knusar frontruta med albogen og blir skoten 6-7 meter inn i rundkjøringa med føtene som øvste punkt. Landar så med ryggen og bakhovudet i asfalten. All trafikk stoppar opp og mange strøymer til for å hjelpe og ringe politi/ambulanse.»

Det klassiske spørsmålet: kva følte du? 

  • «Hugsar tidelet før det small, då eg hadde varebilen i sida. Då tenkte e at dette kjem til å smelle bra. Var likevel meir uroa for Triac-stavane enn meg sjølv. Det fyrste eg tenkte på etter å ha fått igjen pusten etter landinga var Triac-stavane. Ser at den eine er knekt og tenkjer at eg må forhandle med føraren av varebilen om nye stavar og ta turen heim. Desse tankane vart fort stranda av folk som strøymde til. Desse tenkte meir på helsa mi og ringde både politi og ambulanse. Vart sjokkert over kor alvorleg folk tok det og syntes sjølv det var voldsomt at ein måtte tilkalle både ambulanse og polti. Eit kvarter etterpå byrjar eg å innsjå alvoret i hendinga etter at legen har undersøkt om noko er knekt. Då skjønar eg at det kan vere meir enn Triac-stavar som er knekt… Heldigvis kom eg relativt uskadd frå hendinga, med berre nokre blåveisar, skrubbsår og ei lett hjernerysting.»

Korleis har medietrøkket vore etter hendinga? Er du utbrent?

  • «Medietrøkket ha vore enormt. For ein enkel kar frå ei lita bygd der ingen skulle tru at nokon kunne bu, har interessa for ulykka vore i meste laget, men manager/sambuar Braathen har sagt nei til ein rekkje førespurnader. Dei to einaste media som har fått kome innunder huden så langt, er den briljante heimesida til NTNUI langrenn, samt Fiskebeinern.»

Når blir comebacket på trening/Strava?

  • «I samråd med NTNUI sitt helseteam, då ved NTNUIs lege (funfact: også kasserar), vart det ilagt treningsforbod over helga (funfact 2: fekk korkje Ventoline eller Trofodermin mot smertene). Måndag var det duka for comeback, og det vart gjort eit vellukka forsøk på ny stauketur, som då erstatta (nesten) torsdagens tapte treningstimar. For den spesielt interesserte ligg sjølvsagt begge dei siste nemnte stauketurane veldokumentert på Strava.»

Til slutt kjem Hulbak sine fem gylne tips til framtidige våghalsar (les: rulleskiløparar):

  1. Vent til køyretyet har stoppa heilt før du går over gangfelt.
  2. Bruk refleks
  3. Bruk hjelm
  4. Bruk gangvegar
  5. Helst: bli inne

Link til artikkel på adressa her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *