Søk styret!

Hu og hei! 😎🤟💚 Ein ny skisesong er på trappene, og om ikkje altfor lenge skal det veljast nytt styre i langrennsgruppa. Dette gjerast på årsmøtet tirsdag 19. januar 2021. Med unntak av Marka Rundt-sjef, er alle stillingar (9 stk) på val. Vedlagt er ei kort oversikt over kva som inngår i dei ulike stillingane.

Å vera ein del av styret i NTNUI Langrenn kan på alle måtar tilrådast. Vi snakkar ein knakande kjekk styregjeng, kake på kvart styremøte, automatisk plass på dugnadslista (godkjent refusjon), og ikkje minst: du får vera med å bestemme i Noregs største idrettslag. Og akkurat det siste ser heilt ekstremt, frykteleg, supernais ut på CV-en ;);)

Interessert eller har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt:) Vi håpar på mange søknader, både frå gamle og nye medlemmar! Søknad kan sendast til fridao@stud.ntnu.no. Søknadsfrist søndag 22. november. Bruk gjerne vedlagt hightech søknadsmal.

Mvh Valkomitéen
Christian Berge Foyn, Gunnar Wang-Haugseth og Frida Øygard

Ps, teknisk ansvarlig Anna fikk ikke til å legge til dokument, sjekk slack hvis du vil se full stillingsbeskrivelse og mal for søknad;)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *