Swecosprinten 2017

Torsdag 31. august gjekk Swecosprinten 2017 av stabelen. Nytt av året var at campus Dragvoll sto oppført som arena. Nokre vil seie at dette var på grunn av vegarbeid og vanskelege forhold på campus Gløshaugen, medan vi sjølve ser på det som eit flott initiativ av løypesjef Riseth til å drive litt inkluderingsarbeid. Uansett – arenaen var nok over dei flestes forventing, med tekniske svingar, mykje fart og eit seigt oppløp. Sprint slik det skal vere, altså!

Tradisjonen tru, vart Swecosprinten ei intens affære. På førehand var det knytt stor spenning til om fjorårsvinnar Klæbo kom til å stille, og eventuelt kven som kunne utfordre han. Sistnevnte måtte dessverre, til Anna Jensens store skuffelse, melde forfall. Likevel skulle det ikkje mangle på store profilar. Både u23-verdensmester Fredrik Riseth og Even Northug, bror til den mindre kjente Petter, stilte opp – for ikkje å snakke om trippel kretsmester i Sogn og Fjordane, Jakob Meløy. I kvinneklassen var TUB-løpar Astrid Øyre Slind den største favoritten.

Førehandsfavorittane innfridde, og det vart seier til Riseth og Slind. Det skal nemnast at det var harde duellar, og det var berre små marginar som gjorde at Slind stakk av med seieren framfor Ingrid Tveten (snart NTNUI-ar, forhåpentlegvis). For fullstendige resultat, klikk her.

NTNUI Langrenn vil med dette takke alle som stilte opp som løparar, publikum og dugnadshjelp. Ikkje minst vil vi takke våre sponsorar, Sweco og Hank Sport for flotte premiar. Litt ekstra kudos til alt-mulig-mann og løypesjef Jonas Riseth, fotograf G-dawg, tidtakar Marcus Braathen og riggehjelp Seb og Jørund. Ein fantastisk flott dag, og suksess på dei fleste frontar – i ekte NTNUI-stil.

1. Fredrik Riseth 2. Even Northug 3. Vebjørn Tandberg

1. Astrid Øyre Slind 2. Ingrid Tveten 3. Ida Lindkvist

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *