Hu og hei!
NTNUI Langrenn har sjølvsagt også i år buss til Vasaloppet! Turen er open for både medlemmar og ikkje-medlemmar. (Kryss ja på refusjon dersom du er medlem, og nei dersom du ikkje er medlem.)
Kort om programmet:
Avreise lørdags morgon, 3. mars. Vi køyrer buss til Sälen, der vi hentar startnummer. Overnatting på Carlsborgs Wärdshus i Rörbäcksnäs, som ligg ca. 35 km frå start. Vi har ca 30 soveplassar tilgjengeleg.Tidleg søndags morgon går bussen til start i Sälen.
Retur med buss til Trondheim etter at alle er komne i mål.
Pris vil ligge på ca kr 1100 for medlemmar og ca kr 1800 for ikkje-medlemmar.
Håpar mange vert med og at vi får farga feltet grønt, gult og svart! 🙂
Påmelding er bindande etter utgått frist!
Meir detaljert opplegg vil kome etterkvart som det nærmar seg. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du lurer på noko!