Gråkallen Opp 2018

… vart ein stor suksess! Med heile 152 påmeldte, var det duka for ein real løpefest. Og fest (både løpefest og syrefest) vart det!

Trass mange sterke NTNUI-namn på startstreken, var det Sverre Solligård (Strindheim IL) som stakk av med sigeren. Anne Nevin (Strindheim IL) var, ikkje overraskande, beste kvinne. Fullstendig resultatliste finn du her.

Like viktig som resultatlista, er at løpet samla inn over 11.000 kr til TV-aksjonen, som i år støttar Kirkens Bymisjon. Det er noko å vere stolt over, dét.

PS!  I år har Jan Arthur Aune fotografert dei fleste deltakarane opp siste stigning. Bileta kan du finne her (krev innlogging på FB). Gudmund har også vore ute med kameraet, og hans bilete kan sjåast her.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *