Studentmållaget i Nidaros
Medieordlista

Lover for Studentmållaget i Nidaros

Føremål

§ 1 Studentmållaget i Nidaros arbeider for at alle i Noreg skal velja nynorsk i staden for bokmål, og for å styrkja dialektane. Til grunn for målreisinga ligg ein breiare strid for norskdom, nasjonal sjølvråderett og folkeleg daning. Studentmållaget i Nidaros vil organisera studentar til å føra denne striden.

§ 2 Studentmållaget i Nidaros skal arbeida i samsvar med føremålet, arbeidsprogrammet og lovene til Norsk Målungdom.

Medlemskap

§ 3 Studentmållaget i Nidaros er eit lag i Norsk Målungdom og ein del av regionslaget Målungdomen i Trøndelag og på Nordmøre.

§ 4 Alle som godkjenner føremålet til Norsk Målungdom og svarer medlemspengar, er medlemer i Studentmållaget i Nidaros.

§ 6 Medlemer eller sympatisørar av rasistiske og/eller nazistiske samskipnader kan ikkje vera medlemer i Studentmållaget i Nidaros.

§ 7 Styret kan ekskludera medlemer som motarbeider føremålet til laget. Slike eksklusjonsvedtak lyt godkjennast av eit medlemsmøte i laget.

Årsmøtet

§ 8 Årsmøtet skal vera kunngjort pr. brev minst 3 veker føreåt. Saklista skal liggja med i innkallinga. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, lovleg innkalla medlemsmøte, styret i laget eller 1/3 av medlemene krev det.

§ 9 På årsmøtet skal følgjande saker opp:

  • årsmelding
  • rekneskap
  • arbeidsprogram
  • medlemspengesats
  • budsjett
  • val av: leiar, økonomiandsvarleg og minst ein styremedlem
  • val av utsendingar til årsmøtet i Målungdomen i Trøndelag og på Nordmøre og landsmøtet til Norsk Målungdom og landsmøtet til Noregs Mållag.

I tillegg skal årsmøtet skjøtta andre saker som styret legg fram for det.

Arbeidet til styret

§ 10 Styret vel seg i mellom nestleiar, skrivar og kassastyrar.

§ 11 Styret leier arbeidet i laget. Det har òg andsvaret for arbeidet i nemnder.

§ 12 Styret tek i mot innmeldingar i laget.

§ 13 Styret skal syta for at årsmøtet får årsmelding og rekneskap. Dessutan skal det leggjast fram arbeidsprogram og budsjett for det nye arbeidsåret.

§ 14 Styret rår over eiga og skal driva laget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med arbeidsprogram og budsjett.

Røysterett

§ 15 Alle lagsfolk som har svara medlemspengar har røysterett på årsmøtet og på lagsmøte.

Eiga

§ 16 Vert laget lagt ned eller skifter føremål so det ikkje lenger kan stå i Norsk Målungdom, skal styret i distriktslaget taka vare på middelen til laget kjem i gang att, eller det vert skipa nytt lag på same staden som fyller krava til medlemskap i Norsk Målungdom.

§ 17 Lova til Norsk Målungdom gjeld når ein skal avgjera om laget er lagt ned eller har skift føremål.

Lovbrigde

§ 18 Framlegg til lovbrigde skal vera kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedtaka brigdet med 2/3 fleirtal.

Ymist

§ 19 Lover og føresegner for Norsk Målungdom som omhandlar tilhøve i målungdomslaga eller organisasjonen ålment, gjeld òg for Studentmållaget i Nidaros.

Gjer eit val!