Studentmållaget i Nidaros
Medieordlista

Eksamen på eiga målform

Med jamne mellomrom opplever nynorskbrukande studentar å berre få eksamensoppgåvene sine på bokmål. Når NTNU år etter år prioriterer ned rettane til nynorskbrukarane so gjev dei eit signal om at nynorsk er noko sært som ikkje høyrer heime på universitetet. Nynorsk og bokmål er to offisielt jamstilte språk i Noreg, og som ein statleg kunnskapsformidlar har NTNU plikt til å etterleva denne jamstillinga.

I "Forskrifter om målform i eksamensoppgåver" står det i §2 tydeleg at eksamensoppgåver skal liggja føre på båe målformer, og at eksamenskandidatane etter eige ynske kan få oppgåvene anten på bokmål eller på nynorsk.

Har du opplevd å ikkje få eksamen på nynorsk? Kontakt oss på smin-styret@list.stud.ntnu.no.

Gjer eit val!