FILOSOFISK FOTBALL
Fysisk fostring er like viktig for karakteren som studier. Difor møter gamle og unge filosofar opp kvar onsdag klokka ti (på morgonen) for ein halvannan times fotballøkt på Idrettsbygget.
Ansvarleg: Kjetil Almås

APORETISK AFTEN
Annankvar onsdag (som regel) inviterer Apeiron til filosofisk pilsing, der nokon held eit filosofisk framlegg som vert utgangspunkt for diskusjon.
Ansvarleg: Hans Gunnar Lian

VITFORUM
Vitskapsteoretisk Forum ved NTNU er eit tverrfagleg forum arrangert av Filosofisk institutt som skal fremje diskusjon, forsking og undervising i samband med vitskapsteoretiske spørsmål ved NTNU. Vitforum førekjem noko slikt som kvar tysdag.
Ansvarlege: Jonathan Knowles og Truls Wyller

ANABASIS
Anabasis er det nyoppstarta tidsskriftet for filosofistudentane ved NTNU. Første utgåve har kome og kan kjøpast på Tapir.
Ansvarleg: Kjell Sindre Schmidt

KONFERANSAR OG SEMINAR
Komande konferansar og seminar tilknytt Filosofisk Institutt.