Vere med på å gjere Anabasis til eit endå betre tidsskrift – og samstundes få ut meiningane dine?

Me i redaksjonen har lyst til å gjere Anabasis til eit meir variert og spennande tidsskrift. Som ein del av dette ynskjer me å invitere filosofistudentane til å sende inn kortare tekstar på opptil 6 sider, som supplement til dei lengre artiklane. De må gjerne skrive saman, det er både kjekt og utfordrande. Tanken er å lage ein temaseksjon der me trykkjer fleire tekstar som er skrivne over det same temaet og såleis gjerne står i kontrast til kvarandre.

Me har snekra saman fem flotte tema:

1. Er rettferdig krig mogleg?

2. Har me eit moralsk ansvar ovanfor naturen? Både i kristen og i vestleg filosofisk tradisjon vert mennesket gjeve ein opphøgd status ovanfor andre dyreartar. Men i kor stor grad stemmer dette bildet? Og kva med resten av naturen?

3. Kan estetiske vurderingar vere objektivt sanne, eller kan dei berre uttrykke subjektive preferansar? Finst det allmenngyldige estetiske domar?

4. Er tanken om naturtilstanden ein nyttig tankekonstruksjon og ein god innfallsport for politisk filosofi? Eller blir han nettopp berre ein konstruksjon utan relevans for det verkelige livet?

5. Filosofien sjølv – kva rolle kan den spele ovanfor meir spesialiserte, empiriske vitskapar? Kva slags viten er det filosofien kjem med – og korleis kjem han fram til den?

Som de ser, er nokre av forslaga temmeleg vide, andre snevrare. Me håper det er noko for dei fleste her. Innlegga bør vere korte og poengterte, gjerne med eigne standpunkt. Det kan vere like interessant å høyre kva du meiner enn kva Kant eller Wittgenstein har meint – men det er sjølvsagt fint viss de kan trekke inn andre når du grunngjev standpunkta dine.

Skulle du ha andre brennande spørsmål du ønskjer å skrive om, er det sjølvklart berre å ta penna fatt. Det same gjeld viss har lyst til å gjere eit intervju eller skrive ei bokmelding, osv.

Send forslag, spørsmål og framfør alt ferdige innlegg til
Helsing redaksjonen i Anabasis


Komme på trykk i neste nummer av Anabasis?

Kjære studentar,

som dei fleste vonleg har fått med seg kom fyrste nummer av Anabasis ut i haust. Me i redaksjonen håpar at nummeret fall i smak, etter tilbakemeldingane å dømme trur me at tiltaket med å starte opp eit filosofisk tidsskrift knytt til studentmiljøet vart sett pris på.

Tida er no inne for å be dykk studentar om nye bidrag. Me er interesserte i tekstar med filosofisk innhald. Ei god semesteroppgåve, ein gamal tekst som vert tørka støv av, ei bokmelding av eit filosofisk verk, ein kommentar omkring eit debattert tema, me tek i mot alt av filosofisk relevans med stor takk. Me tek gjerne imot kortere tekstar på omlag 5-10 sider.

Tren julefeittet av fingrane før det rekk feste seg, og send eit bidrag til anabasis.redaksjon@gmail.com innan 10. februar 2008. Lengda er opp til deg, men bør ikkje gå særleg ut over 15 s. (Times New Roman, skriftstorleik 12, halvannan lineavstand) av omsyn til lesarane. Men som sagt, er alt velkome, anten det no er kort eller langt.

La ikkje den kosmiske panikkfølelse ta dykk, filosofen må skrive, han skal på trykk!

Helsing oss i Anabasis-redaksjonen

Send ditt bidrag til: anabasis.redaksjon@gmail.com