Bergringen gir flere muligheten til å delta på kurs og konferanser utenfor studiemiljøet

Reisebrev frå NFF sin årlege konferanse, Oslo 26-27 november 2009

02.12.2009


Gjennom Bergringen, eldre studentar og på NFF si stand under Berstuderandes Forening sitt 95 års jubileum fekk me informajon og invitasjon til å delta på konferansen. Dette var, for oss studentar, ein særskilt god sjanse til å få kome nærmare innpå bransjen, sjå kva det er me utdannar oss til og sjå korleis me kan nytte kunnskapen me lærar på NTNU i praksis.

Onsdag 25.11 reiste me ned til Oslo kvar for oss og møttest ved Rica Victoria Hotell ikkje langt frå Karl Johan . Grunna nokre misforståelsar hamna to av oss på Grand Hotell, til store frustrasjonar for resten. Onsdags kveld var vi invitert på besøk hjå Atlas Copoco og fekk sjå på anleggsmaskiner som dei produserte til bruk for ingeniørgeologisk og anleggsteknisk arbeid. Det heile blei avslutta med ein tradisjonell julemiddag (servert) med diverse fuktig innhold/sterke saker attåt.

Torsdag morgon, møttest me utanfor Rica Hotell og gjekk i samla flokk opp til NFF sin stand i konferanselokalet. Her fekk me litt info om dagen og opplegget og kva som skulle skje framover. Så vart det halde foredrag heile dagen om ulike emne/prosjekt som gjekk føre seg i både inn- og utland. Dette synte seg å vere svært interessant.

Om kvelden vart det lagt opp til ein betre middag og for oss studentar ein god måte å kome i nærkontakt med bedrifter i samband med diplomoppgåveskriving og (sumar)jobb. Tidlegare på dagen hadde me vorte presenterte som jobbinteresserte studentar framføre forsamlinga, og dette viste seg å gjeve resultat for fleire, i det ein del av oss vart forsøkt rekrutterte av ulike bedrifter, og jobbtilboda florerte ettersom kvelden vart fuktigare.

Fredags morgon var det av stad att til same lokalet for fleire foredrag. Men i dag var det ein temadag, for både geoteknikk og bergmekanikk. Det var sistnemnde temaet som var mest aktuelt for oss, også i dag gjekk dagen med til foredrag av ulik art. Så var dagen over, og det galdt å kome seg oppover att til Trondheim for eksamenslesing for dei aller fleste.

 

 

 

 

Studenter på fjellsprengeren
© 2017 Bergringen    Alt innhold er kopibeskyttet i henhold til norsk lov om opphavsrett    webmaster@bergringen.no    Nettsider av Designbyrået Sjursendesign