Medieordlista

Sida er sist endra 04.05.03

action handling -a/i, fres -en, spaning -a/i
action movie spaningsfilm -en, handlingsfilm -en (film som har hovudvekta på handlinga, ikkje på talen)
action painting handlingsmåling -a/i
adbusting blestbrekking -a/i
agenda sakliste -a, dagsorden -en
agenda setting research dagsordentradisjonen, forsking på dagsordenfunksjonen (til media)
aktør (ein) medverkande (person), medspelar -en
ambient music omverdsmusikk -en, omgjevnadsmusikk -en
analogi likskap -en, samsvar -et «Eit bilete av ein ost har ein likskap med osten som dei skriftlege teikna o-s-t ikkje har.»
analyse oppløysing -a/i, oppdeling -a/i, (kritisk) gransking -a/i, gjennomgang -en
analysere (v) løysa opp, fingranska -a, gå nøye gjennom
ancrage forankring -a/i, ankerfeste -t, fastsetjing -a/i, styring -a/i «Teksten kan fastsetja tydinga til biletet.»
anskueliggjøre åskodeleggjera (-gjorde), illustrera -te, skildra -a, gjera tydeleg, vera døme på
anskuelsesform åskodingsform -a/i, synsform -a/i, måte å sjå verda på
anslag 1. opptakt -a/i, oppspark -et, byrjing -a/i, innleiing -a/i «I opptakta til filmen vert me tekne inn i ei høveleg stemning.» 2. fingerslag -et, nedtrykk -et (av ein tangent) 3. åtak -et, tilslag -et
arbitrære tegn vilkårlege teikn, tilfellelege teikn
arketyp urbilete -t, urførestelling -a/i, grunnførestelling -a/i
arrière-garde baktropp -en
ars liberalis fri kunst
art kunst -en
art director 1. kunstnarleg leiar -en 2. ateliersjef -en (innan reklamebransjen)
assosiasjon (individuell) tilleggstyding -a/i
assistant producer medprodusent -en, assisterande produsent -en
atspredelse tidtrøyte -a, underhaldning -a/i
attitude haldning -a/i
audition prøvespeling -a/i, rolleprøve -a
auteur filmskapar -en, filmkunstnar -en, filmdiktar -en, programskapar -en (om fjernsyn)
avant-garde fortropp -en, spydspiss -en, (nokon som er) i spissen for utviklinga / i brodden for eitkvart
avantgardistisk (a) banebrytande
avbilde (v) attgje, skildra -a, teikna -a, måla -a, framstilla -te, syna -te
avbildning attgjeving -a/i, skildring -a/i, bilete -t «Målarstykket var eit bilete av ein banan.»
avløsing avløysing -a/i «Teksten kan fungera som avløysing for biletet.»
backstage bak kulissane, bak scena
bandwidth bandbreidd -a/i
bebudelse varsel -et, varsku -et
bebudelsesscene varselhending -a/i, bodskapsscene -a «Biletet syner varselhendinga frå Bibelen.»
begivenhet hending -a/i, storhende -t
begivenhetsforløp hendingsgang -en
begjær etter betydning ynske om meining, ynske om tyding
begrep omgrep -et
behov trong -en, tarv -en
behøve å turva / trenga eitkvart
belegg prov -et, dekning -a/i «Det er viktig at journalisten ikkje skriv noko han ikkje har prov for.»
belyse 1. setja ljos på, lysa på, kasta ljos over 2. setja søkjeljos på, taka opp, draga fram 3. klårleggja
belysning ljos -et, ljossetjing -a/i, opplysing -a/i
belysningslys ljoskjelde-ljos -et, ljos frå ei ljoskjelde
berette melda -er, fortelja (-tel, -talde, -talt)
beretning 1. forteljing -a/i, utgreiing -a/i, melding -a/i 2. årsmelding -a/i
besetning skodespelarane, dei som er med, rollehavarane, stab -en
beskjære taka utsnitt, laga utsnitt, velja biletdel
beskjæring (s) utsnitt -et, nedkutting -a/i
beskrive (v) skildra -a «Når me skal skildra eit bilete, er det viktig å ...»
beskrivelse skildring -a/i, utgreiing -a/i «I denne biletskildringa vil eg leggja vekt på ...»
bety tyda, ha å seia
betydning tyding -a/i, meining -a/i
bevegelse rørsle -a «Når me ser film, gjer hovudet vårt bileta om til rørsle.»
bevis prov -et «Filmopptak vert gjerne nytta som prov i rettssaker.»
bevissthet medvit -et
bilde bilete -t
bildefortolkning bilettolking -a/i, å tolka eit bilete, tolking av eit bilete
bildende kunst biletkunst -en, visuell kunst -en (samnemnar for skulptur, målarstykke, grafikk og teiknekunst)
bildende kunstner biletkunstnar -en, visuell kunstnar -en (bilethoggarar, målarar og dilikt)
billedbehandling biletmanipulasjon -en, bilethandsaming -a/i, biletomvøling -a/i, biletendring -a/i
billedforløp biletgang -en
billedgjørelse biletgjering -a/i
billedkunst biletkunst -en
billedlig biletleg
blimping ljoddemping -a/i (av filmkameraet)
blue screen blåskjerm -en
blur (v) gjera uklårt, dimma -de
blur (s) tåke -a, dimme -a
brainstorming idémyldring -a/i, idédugnad -en
branding 1. merking -a/i 2. merkevarebyggjing -a/i
broadcasting kringkasting -a/i
budskap bodskap -en
by-line namnestripe -a, namneline -a, artikkelsignatur -en
camera kamera -et
cartoon teiknefilm -en
case tilfelle -t, sak -a/i
cast skodespelarane, dei som er med, rollehavarane
casting tildela roller, utveljing av skodespelarar
catharsis reinsing (av sinnet)
character person -en, rollefigur -en
chat netprat -en
chat group prategruppe -a
chatting netprating -a/i
chord akkord -en
chroma-key fargenykel -en (jamfør med oppslagsordet keying)
clair-obscur ljos-mørke
cliff hanger hangande slutt, interessevekkjar -en
close-up nærbilete -t
clue 1. spor -et 2. nykelord -et, stikkord -et
collage klistrebilete -t, samansetjing -a/i (som i t.d. ljodsamansetjing), samanstelling av bilete
colourfulness fargerikdom -en, fargeintensitet -en
comic teikneserie -n
commercial break reklamepause -n
composite photography samansett fotografi -et
connaiseur kjennar -en (til dømes ein kunstkjennar)
contentum ljodkulissar, miljøljod -en, realljod -en, bakgrunnsljod -en
context samanheng -en
continuity 1. ubroten samanheng -en, kontinuitet -en 2. handlingsgang -en (i film) 3. samanbindande kommentarar (i radio/fjernsyn)
continuity editing samanhengsklypping -a/i, framhaldsklypping -a/i, kontinuitetsklypping -a/i
convention sedvane -n, vane -n
convergence 1. samansmelting -a/i, samanfall -et, tilnærming -a/i 2. auka informasjonsmengd (på skjermen)
cover 1. (plate-/bok-/blad-) omslag -et 2. nyinnspeling -a/i (av ein song nokon andre har laga), tolking -a/i, lånelåt -en
credits 1. rulletekst -en 2. føretekst -en, opningstekst -en 3. krediteringar (kven som har gjort kva i t.d. ein film), opplisting av medarbeidarar
crew mannskap -et, stab -en
cross over kryssing -a/i
cue stikkord -et (til ein skodespelar), teikn for handling/ord
cultural studies kulturstudietradisjonen, britiske kulturstudium, Birmingham-skulen
cyberspace kyberrom -et, dataverda
day time dagtid -a/i «Det var ein typisk dagtid-såpeopera.»
deadline (tids-) frist -en, leveringsfrist -en, daudline -a
decoding avkoding -a/i
denotasjon grunntyding -a/i «Biletet har både grunntydingar og medtydingar.»
design utforming -a/i, formgjeving -a/i
designer formgjevar -en, utformar -en
desk redaksjonssenter -et, redigeringssenter -et
deskriptivt syntagme skildrande samansetjing -a/i
determininert førehandsstyrd, gjeve på førehand
deus ex machina «ein gud frå maskina», uventa hjelp, inngrep utanfrå
diagonal (s) skråline -a «Biletet vart delt av ei skråline.»
diagonal (a) skrå «Biletet har mange skråe rørsler.»
dialog samtale -n, prat -en
diegese 1. utgreiing -a/i 2. verda som ein fiksjonsfigur eksisterer i, fiksjonsverd -a/i «Jamvel om 80-talet er fortid for oss, so er det notid i verda til figurane i Dynastiet.»
diegetisk lyd innomverds ljod -en, ljod som er ein del av fiksjonsverda «Musikken gjekk frå å vera utomverds til innomverds ljod.»
direct mail adressert reklame -n
director regissør -en
direktehet 1. å vera (eller gjeva inntrykk av å vera) direktesendt 2. å vera beintfram / beinveges
diskontinuitet samanhengsbrot -et, usamanhangande framstilling -a/i
diskurs (Ordet diskurs vert nytta sers ulikt mellom dei som skriv. Finn ut kva for ei av omsetjingane her som samsvarar med det du/den som skriv, vil seia, mellom anna med tanke på kva ordet skal stå i motsetnad til.) 1. forteljingsuttrykk -et 2. forteljarmåte -en 3. uttrykk -et 4. samtale -n 5. drøfting -a/i 6. samhandling -a/i 7. tekst -en 8. pratet om noko 9. melding -a/i
display (data-) skjerm -en, skjermfelt -et, panel -et, teiknrute -a
dissolve overtoning -a/i
docu-soap doku-såpe -a, dokumentarsåpe -a
doxa ålmenn synsmåte -n, gjengs meining -a/i
drive in cinema bilkino -en, utandørs kino -en, utomhuskino -en
dybde djupn -a/i
dybdefokus djupfokus -et «Djupfokus spela ei viktig rolle i Citizen Kane.»
dybdeintervju djupneintervju -et, djuptgåande intervju -et
dybdeskarphet djupfokus -et, vera skarp i djupna
dypfokus djupfokus -et
edit (v) redigera -te, klyppa -te
editing redigering -a/i, klypping -a/i
editor redaktør -en (av eit blad), bladstyrar -en (for eit blad), redigerar -en (på ein film), klyppar -en (på ein film)
edutainment leik-og-lær, kunnskapsleik -en
Eigenlicht sendeljos -et, eige ljos
eklektisk 1. samansett (av element frå fleire førebilete) 2. utveljande
eksponere utlevera, openberra, utsetja for noko, syna, berrleggja
eksposisjon (orienterande) framstilling -a/i (om ei filmscene)
ekspresjon uttrykk -et
ekstravagans overflod -a/i, overdriving -a/i, ovnøgd -a/i
ekstravagant overdriven, umåtehalden, råflott, måtelaus
e-mail 1. e-post -en 2. e-brev -et, skjermbrev -et (Skiljet mellom e-post og e-brev er det same som skiljet mellom post og brev. «Når du hentar ned e-posten din, kan du få mange e-brev».)
emansipatorisk frigjerande
emosjon kjensle -a
emosjonell kjensleladd, som har med kjenslene å gjera
emoticon kjenslebilete -t, kjensleteikn -et «På verdsveven nyttar folk gjerne kjenslebilete som :) for å markera kjenslene sine.»
empati innleving -a/i
encoding koding -a/i
encoding - decoding koding - avkoding
enighet semje -a
entertainer underhaldar -en, underhaldningsartist -en
entertainment underhaldning -a/i
episode bolk -en, hending -a/i
erfaring røynsle -a
erkjennelse sannkjenning -a/i, erkjenning -a/i, sansing -a/i, innsyn -et, skjøn -et, forståing -a/i
etnografi 1. folkeskildring -a/i 2. feltgransking -a/i (innan publikumsforsking i media)
etterrettelig å vera til å lita på, påliteleg, som tåler etterrøkjing, sætande
excess estetisk overskot -et
executive producer produksjonsleiar -en, utøvande produsent -en
expectancy-value vonverde -t
expectancy-value approach vonverde-tilnærming -a/i
fabula 1. forteljing -a/i 2. (forteljings-) innhald -et
faction / faktion faksjon -en
fade in inntoning -a/i
fade out uttoning -a/i
faksimile avprent -et, noggrann kopi, fotografisk attgjeving av eit dokument
fan club huglaug -et
featurejournalistikk pregjournalistikk -en
feedback 1. attendemelding -a/i, respons -en, svar -et «NRK fekk mange attendemeldingar på programmet.» 2. atterljom -en (i høgtalarane)
figurativ førestellande
flashback attendeglimt -et «Attendeglimt vert stundom synte i sakte film.»
flashforward frampeik -et
flow flaum -en, flyt -en «Einskildprogram vert mindre viktige enn den samanhangande flaumen.»
focus fokus -et
font skrifttype -n
forfølgelsesscene forfylgingsscene -a
forløp (handlings-) gang -en
fortolke (v) tolka -a
fortolking tolking -a/i
frame 1. råme -a 2. rute -a (i teikneseriar) 3. bilete -t (i filmar)
frames per second bilete i sekundet (i ein film)
framing (å taka) utsnitt -et
følelse kjensle -a
føljetong (avslutta) framhaldsforteljing -a/i, framhaldssoge -a
føljetongserie uavslutta framhaldsforteljing -a/i, endelaus framhaldsforteljing -a/i «Såpeopera er eit godt døme på endelause framhaldsforteljingar.»
game show spelprogram -met, tevleprogram -met, leikeprogram -met, spørjeprogram -met
gate-keepers portvakter
gaze glana -a (v), glåma -de (v), stir -en (s), oppslukt blikk (s) «Når me er på kino, so ser me på filmane med oppslukt blikk.»
Gebrauchsmusik bruksmusikk -en
genre sjanger -en
Gesamtkunstwerk allkunstverk -et (eit kunstverk som sameinar dei ulike kunstartane)
gjenfortelling attforteljing -a/i
gjengivelse attgjeving -a/i «Bileta skulle syna ei attgjeving av røynda.»
gjentagelse oppattaking -a/i
gjentagende serialitet oppattakande serialitet -en (jamfør oppslagsordet series)
glance augnekast -et «Me ser ofte på fjernsyn berre med små augnekast.»
gradiation nyansering -a/i, sjattering -a/i, skuggelegging -a/i
gradient stigingsmarkør -en, avstandsinndelar -en, avstandsmarkør -en, avstandsynar -en
gratification fullnøying -a/i, stetting -a/i, tilfredsstilling -a/i
gratifications sought vona stetting -a/i, venta stetting -a/i, vona tilfredsstilling -a/i, venta tilfredsstilling -a/i,
gratifications obtained oppnådd stetting -a/i, oppnådd tilfredsstilling -a/i
grisaille gråbilete -t, gråtonebilete -t
handlingsforløp handlingsgang -en, handlingsutvikling -a/i
handlingskurve handlingsboge -n
happy ending lukkeleg slutt -en
happy moment lukkeleg augneblink -en, gladstund -a/i
hard news harde nyhende
hardware maskinvare -a
header topptekst -en, topp -en (innan radio/fjernsyn)
heading overskrift -a/i, topp -en (innan radio/fjernsyn)
heavy viewers storsjåarar, storbrukarar av fjernsyn
hendelse hending -a/i
hendelsesforløp hendingsgang -en
hensikt føremål -et, siktemål -et «Teksten kan vera med på å syna føremålet med biletet.»
henvendelsesmåte måte å venda seg til nokon, kontaktmåte
high brow 1. snobb -en (s) 2. snobbut (a) 3. intellektuell (a) 4. finkulturell (a), høgkulturell (a)
high key lighting jamljos -et
high modernism høgmodernisme -n
home page heimeside -a, netside -a
horisontal vassrett
horror movie skrekkfilm -en, grøssar -en, gysar -en
host (program-) vert -en
hue farge -n, let -en, nyanse -n
hybrid blanding -a/i
håndholdt kamera handhalde kamera -et
ikke-diegetisk lyd utomverds ljod -en, ljod som ikkje er ein del av fiksjonsverda «Musikken gjekk frå å vera utomverds til innomverds ljod.»
image 1. bilete -t 2. stil -en (i overførd tyding), profil -en (i overførd tyding) «Han ynskte å skapa eit bilete av seg sjølv som litt mystisk.» «Radiokanalen ville ha ein ungdomeleg profil.»
immediacy å vera direkte / beintfram / beinveges
infomercial info(re)klame -n
infotainment opplysingsmoro -a/i, nyhendeunderhaldning -a/i, tabloid- (i ulike samansetjingar), kunnskapsunderhaldning -a/i, populærjournalistikk -en
in medias res rett inn i handlinga, midt i handlinga «Teksten/filmen byrja midt i handlinga»
interaksjon samhandling -a/i
interface grensesnitt -et
internettavhengighet vevsykje -a, å ikkje greia seg utan Internetet, sjukeleg binding til Internetet, å vera avhengig av Internetet, internetavhengnad -en
interpretation tolking -a/i
intertekstualitet teksttilvising -a/i, tilvising til andre tekstar
intertekstuelt mellomtekstleg
investigative journalism granskande journalistikk -en, gravande journalistikk -en
jingle vignett -en, ljodsnutt -en, kjenningsmelodi -en
jump cut hoppklypp -et
kamerakjøring kamerakøyring -a/i
katarsis reinsing (av sinnet)
kausalitet årsakssamanheng -en
keying nykling -a/i (jamfør med oppslagsordet chroma-key)
kilde kjelde -a
kognitiv sannkjennande, tenkjande, som har med røynslestyrd sannkjenning å gjera
komparasjon samanlikning -a/i, jamføring -a/i
komparativ samanliknande, jamførande
konflikt usemje -a, strid -en
konnotasjon medtyding -a/i «Biletet har både grunntydingar og medtydingar.»
konsensus ålmenn semje -a, å vera samstemde / samstelte / samde
kontekst samanheng -en, medtekst -en
kontekstuelt medtekstleg
kontinuerende serialitet framhaldsserialitet -en
kontinuitet samanheng -en, framhald -et
konvensjon sedvane -n, vane -n
konvensjonell sedvanleg
konvergens 1. samansmelting -a/i, samanfall -et, tilnærming -a/i 2. auka informasjonsmengd (på skjermen)
label etikett -en, merke -t, platemerke -t, plateselskap -et «Plata kom ut på Harvest-merket til EMI.»
l´art pour l´art kunst for kunsten si skuld
layout formgjeving -a/i, oppsett -et, bladbunad -en (om blad), bokbunad -en (om bøker), utforming -a/i
Leitmotiv leiemotiv -et
lens flare linsebluss -et, linseljos -et «Når sola skin mot kamera, kan det føra til linsebluss.»
letterbox format brevsprekkformat -et (når filmar i breiformat vert synt som ei tynn stripe på ein tilnærma kvadratisk skjerm)
link (s) lekkje -a, lenkje -a, peikar -en (på vevsider)
link (v) lekkja -er, lenkja -a
literary criticism litteraturvitskap -en «Delar av litteraturvitskapen har inspirert mellom anna mottakingsforskinga i medievitskapen.»
live 1. direktesendt (om radio-/fjernsynsprogram), rett på lufta 2. sceneopptak -et
live electronic music utøvarbasert elektronisk musikk -en
live music konsertmusikk -en, levande musikk -en
liveness å vera (eller gjeva inntrykk av å vera) direktesendt «Mange fjernsynsprogram ynskjer å gjeva inntrykk av å vera direktesende, sjølv om dei ikkje er det.»
live recording konsertopptak -et (om musikk)
location 1. innspelingsstad -en (utanfor studio) 2. stad -en
logo bumerke -t, varemerke -t
loop sløyfe -a
loudness ljodstyrke -n
low brow 1. lågkulturell 2. uintellektuell
low key lighting kontrastljos -et
low modernism lågmodernisme -n
mail 1. post -en 2. e-post -en 3. e-brev -et, skjermbrev -et (Skiljet mellom e-post og e-brev er det same som skiljet mellom post og brev. «Når du hentar ned e-posten din, kan du få mange e-brev».)
mainstream hovudstraums, midstraums, gjennomsnitts «Det var ein typisk hovudstraumsfilm.»
mainstreaming einsretting -a/i, utjamning -a/i, meiningsutjamning -a/i (innan effektforskinga), forflating -a/i
make up sminke -a
maleri målarstykke -t, måleri -et
market driven journalism marknadsstyrd journalistikk -en
master (-tape) original -en, kopigrunnlag -et
meddelelse kunngjering -a/i, melding -a/i, utsegn -a/i, vitring -a/i
medie medium (på nynorsk er bøyinga: medium, mediet, medium, media. I samansetjingar: medie-)
metamorphosis formendring -a/i, omskaping -a/i
mise-en-scène det som vert synt fram, iscenesetjing -a/i
mixed media blandingsmedium
multimedia mangemedium (i samansetjingar: mangemedie- ) «Tilskodarane fekk sjå ei mangemedieframsyning.»
monolog einetale -n
montasje / montage samansetjing -a/i, samanføying -a/i, samanfelling -a/i
montasjesekvens samansetjingssekvens -en
morphing formendring -a/i, omskaping -a/i
movie film -en
movie still (still-) bilete -t (frå ein film) «Bladet hadde med eit stillbilete frå den komande Bond-filmen.»
musical musikal -en, syngjespel -et, musikkspel -et
musique concréte konkret musikk -en
narrasjon / narration (Ordet narrasjon vert nytta sers ulikt mellom dei som skriv. Finn ut kva for ei av omsetjingane her som samsvarar med det du/den som skriv, vil seia, mellom anna med tanke på kva ordet skal stå i motsetnad til.) 1. å fortelja 2. forteljingshandling -a/i 3. forteljarmåte -en
narrativ (a) forteljande
narrativt begjær ynskje om forteljing, trong til forteljing
narrativt perspektiv synsvinkel -en, forteljarposisjon -en, synsstad -en
negotiated media influence tinga medieinnverknad -en, forhandla medieinnverknad
negotiated reading drøftande lesemåte -n, drøftande lesing -a/i, forhandla lesemåte -n, forhandla lesing -a/i
neoklassisisme nyklassisime -n
neomodernisme nymodernisme -n
neorealisme nyrealisme -en «Nyrealistisk estetikk har vore viktig i italiensk film.»
never ending story uavslutta forteljing -a/i, endelaus forteljing -a/i
new criticism nykritikk -en
new journalism nyjournalistikk -en
news nyhende -t
news agency pressebyrå -et, telegrambyrå -et, nyhendebyrå -et
newsflash 1. (stutte) nyhende, nyhendeoversyn -et, nyhendeglimt -et 2. ekstra nyhendesending -a/i
news for use nyttejournalistikk -en, rettleiingsjournalistikk -en, du-journalistikk -en
news group nyhendegruppe -a
newsreel filmavis -a
noise støy -en, ljod -en
nonfigurativ ikkjeførestellande
nyhet nyhende -t, nytt
nyhetsformidling nyhendeformidling -a/i
nyhetsgruppe nyhendegruppe -a
nærhet nærleik -en
offentlighet ålmente -a, det offentlege romet
off-screen (a) utom-bilete
on location utandørs, på innspelingsstaden, ikkje i eit filmstudio
on-screen (a) innom-bilete
one liner småvits -en, morosam kommentar -en
opening titles opningstekstane, opningsvignett -en
opplevelse oppleving -a/i
oppmerksomhet merksemd -a/i, åtgaum -en
oppositional reading opposisjonell lesing -a/i, opposisjonell lesemåte -n
opptrinn hending -a/i, tilburd -en, scene -a
panorama kringsjå -et
panorere kringsyna -te, å føra kameraet sidelengs
panorering kringsyning -a/i, sidelengs føring av kamera «Ei snøgg kringsyning flytta merksemda over mot landskapet.»
paradigme 1. system -et, mønster -et 2. tenkjemåte -n, overbyggjande tanketradisjon -en
parasosial interaksjon liksomsamhandling -a/i
pars pro toto del for heilskap
passion du sens ynskje om meining, ynskje om tyding
pc pd -en (= personleg datamaskin)
persipere (v) oppfatta, sansa, røyna
persepsjon sansing -a/i, oppfatting -a/i
phasing faseforskuving -a/i
pitch tonehøgd -a/i
pixel (bilet-) punkt -et «Skjermbiletet er bygd opp av mange små punkt.»
plastisk romleg
plot 1. handlingsgang -en 2. intrige -n 3. forteljingsframlegging -a/i
pluralisme mangfald -et
point of no return ingen utveg-punktet
point of view 1. forteljarposisjon -en, synsvinkel -en 2. synspunkt -et
point-of-view-shot subjektiv innstilling -a/i
polysemi fleirtyding -a/i
polysemisk fleirtydig, mangetydig
PR publikumskontakt -en, blest -en, publikums-/politikar-/pressepåverknad
PR-sjef blestsjef -en
preferred reading føretrekt lesing -a/i, føretrekt lesemåte -n
pretest før-gransking -a/i
preview førehandsvising -a/i, førehandsframsyning -a/i
prime time beste sendetid -a/i «Programmet gjekk i beste sendetid.»
print (s) 1. prent -et 2. utskrift -a/i (frå ei datamaskin) 3. prenta bokstavar 4. bilete -t, kopi -en (om fotografi)
print (v) 1. skriva ut (frå ei datamaskin) 2. prenta -a 3. publisera noko (på prent) 4. kopiera -te (om fotografi)
printer 1. skrivar -en (på ei datamaskin) 2. prentar -en (ein som arbeider på eit prenteverk)
producer produsent -en
projector framsynar -en, skriftkastar -en
promotere (v) blesta -a, skapa blåster om
promotion blesting -a/i, salsframstøyt -en
public access television open kanal -en
public service broadcasting ålmennkringkasting -a/i
punchline poeng -et (i ein vits eller ei forteljing)
påvirkning påverknad -en «Det er vanskeleg å vita kor stor påverknaden frå fjernsynsvald er.»
quiz spørjeprogram -et, spørjetevling -a/i, kunnskapstevling -a/i
reality-TV røyndomsfjernsyn -et
realtime sanntid -a/i
reception mottaking -a/i
reception analysis mottakingsforsking -a/i, resepsjonsanalyse -n
referanse tilvising -a/i, peikar -en «I filmen var det mange peikarar til 30-talsfilmar.»
referent det som vert vist til, det tilviste (I byråkratspråk vert referent oftast nytta om møteskrivarar og dilikt, men i medievitskap vert ordet gjerne nytta om det objektet eit teikn viser til.)
refleksiv sjølvskodande, sjølvsannkjennande
refleksivitet sjølvskoding -a/i
relais avløysing -a/i «Teksten kan fungera som avløysing for biletet.»
remake nyinnspeling -a/i, omskaping -a/i, attskaping -a/i
repoussoir attendeskuvar -en «Fuglen i framgrunnen fungerte som ein attendeskuvar på biletet.»
representere å stå for (noko anna) «Alle teikn stend for noko anna enn seg sjølve.»
repressiv undertrykkjande, trælkande, kuande
research gransking -a/i, etterrøkjing -a/i, innsamling av bakgrunnsopplysningar
resepsjon mottaking -a/i, fagning -a/i (i positiv tyding)
resepsjonsforsking mottakingsforsking -a/i
reseptiv mottakeleg
resonance atterklang -en, resonans -en
road movie motorvegsfilm -en, køyrefilm -en, på vegen-film -en
rollebesetning (s) skodespelarane, dei som er med, rollehavarane
running time 1. speletid -a/i (lengda på filmen) 2. tid på plakaten (kor lenge ein film går på kino)
saklighet å vera sakleg
sample (s) 1. vareprøve -a, stikkprøve -a 2. ljodklypp -et (innan musikk) 3. utval -et (frå ei datamengd)
sannhet sanning -a/i
sannsynlighet sannsyn -et, likende -t, å vera truleg / sannsynleg
sannsynlighetsutvalg sannsynsutval -et
scanner innlesar -en, (maskinell) biletlesar -en, avlesar -en
scanning innlesing -a/i, avlesing -a/i
scheduling programlegging -a/i
scoop kjempesak -a/i, nyhendekupp -et, varp -et, funn -et «Journalisten fekk tak i ei kjempesak.»
screen (s) (fjernsyns-/data-) skjerm -en, lerret -et (filmen vert syna på), biletflate -a
screen (v) 1. å syna ein film 2. å utføra ei storgransking
screening (s) 1. storgransking -a/i 2. filmframsyning -a/i
screenplay 1. manus -et, manuskript -et «Manuset vart skrive av Anne Rice.» 2. film -en
screen-test prøvefilming -a/i
script manuskript -et, manus -et
scrolltext rulletekst -en
search engine søkjemotor -en, netsøkjar -en
seeing-as sjå-som
seeing-in sjå-i
seeing is believing å sjå er å tru, augo lyg ikkje
seeing-on sjå-på
seerkontinuitet sjåarframhald -et, sjåarkontinuitet -en «Selskapet ynskte å ha stort sjåarframhald frå eitt program til det neste.»
segment 1. del -en 2. målgruppe -a, publikumsdel -en
segmentering 1. oppdeling -a/i 2. målgrupperetting -a/i, målgruppeinndeling -a/i
selektivt utveljande
semiologi teiknlære -a, teiknvitskap -en
semiotikk teiknteori -en, teiknvitskap -en
serial framhaldsforteljing -a/i (kan både vera avslutta og uavslutta, sjå føljetong og føljetongserie)
serialization serialisering -a/i
series (oppattakande) serie -n, uavslutta episodisk serie -n
server tenarmaskin -a (om datamaskiner)
set opptaksstad -en, kulisse -n, dekorasjon -en
setting råme -a, miljø -et «Råma for filmen var eit typisk storbymiljø.»
sfumato 1. røyk -en, slør -et 2. konturutvisking -a/i
shoot (v) filma -a, skjota (skyt, skaut, skote), taka opp «Episoden vart filma i Stryn.»
shot innstilling -a/i «Det som er mellom to klypp vert kalla ei innstilling.»
sidebar sidestolpe -n, infostolpe -n
signature-television programskaparfjernsyn -et, signatur-fjernsyn -et
signifier / signifikant (materielt) uttrykk -et
signified / signifikat idéinnhald -et, (immatrielt) innhald -et
sing-along-movie syng med-film -en, allsongfilm -en
sitcom sitkom -en, situasjonskomedie -n
situation comedy situasjonskomedie -n, sitkom -en
skuespiller skodespelar -en
slot programlomme -a «Fjernsynskvelden er delt inn i programlommer.»
slow motion sakte film, langsam film «Attendeglimt vert stundom synte i sakte film.»
snapshop knipsebilete -t, kameraskot -et, augneblinksbilete -t
soap såpe -a, såpeopera -en
soft focus mjukfokus -et
soft news mjuke nyhende, mjuknytt
software programvare -a
soliloquy åleinetale -n, det å tenkja høgt / tala til seg sjølv, einetale -n
sonority 1. klang -en 2. klangleik -en
sound 1. ljod -en 2. klang -en 3. ljodbilete -t «Plata hadde eit klinisk nittitalsljodbilete.»
soundfount ljodkjelde -a, ljodspreiar -en
soundscape ljodlandskap -et
soundtrack ljodspor -et (t.d. på ein film), filmmusikk -en
source kjelde -a
spectator tilskodar -en, åskodar -en
spenningsforhold spaningstilhøve -t, motsetnad -en, konflikt -en «Det var eit spaningstilhøve mellom menneska og naturen i filmen.»
spin-off 1. avspinnar -en, utløpar -en 2. oppfylgjar -en «Serien Frasier var ein avspinnar av / oppfylgjar til Cheers
spin-off-produkt avspinnarprodukt -et, tilleggsprodukt -et «Det vart laga biletbøker og andre tilleggsprodukt til fjernsynsserien.»
spiral of silence teiespiralen
spot 1. reklameinnslag -et 2. eit (fast) punkt på programmet
Sprechgesang talesong -en
spørreundersøkelse spørjegransking -a/i
stand-up på staden-innslag -et (i nyhendesendingar), fjesing -a/i (i nyhendesendingar)
statement utsegn -a/i, kunngjering -a/i, fråsegn -a/i
still (still-) bilete -t (frå ein film) «Bladet hadde med eit stillbilete frå den komande Bond-filmen.»
stillhet stille -a «Stilla kan i seg sjølv vera eit effektivt verkemiddel.»
story forteljing -a/i, forteljingsinnhald -et, innhald -et
straight photography reint fotografi
streaming audio strøymande ljod
streaming video strøymande video
størrelse storleik -en
subliminal påvirkning påverknad av undermedvitet
subtitle (s) 1. teksting -a/i (på film) 2. undertittel -en
sujett / susjett / suyzhet 1. forteljing -a/i, handling -a/i 2. forteljingsframlegging -a/i 3. handlingsskisse -a
supertema overemne -t, overtema -et, det overordna emnet
surfe (på verdsveven) vandra på veven, flakka -a, reka (rek, rak, reke) «Han sat og flakka kring på verdsveven.»
surround sound kringljod -en
survey 1. spørjeskjemagransking -a/i, gransking -a/i, spørjegransking -a/i 2. oversyn -et
swish-pan snøgg-grautklypp -et
syntagme samansetjing -a/i, samansett eining -a/i
take taking -a/i
talking heads pratehovud
talkshow prateprogram -et
taushetsspiralen teiespiralen
teaser lokkar -en, tirrar -en, agn -et, lokkemat -en «For å få deg til å sjå på same fjernsynskanal heile kvelden, sender kanalen lokkarar for kva som kjem seinare.»
tegn teikn -et
teleobjektiv fjernlinse -a
telepresence fjern-nærvær -et
televisjon fjernsyn -et
tilfredsstillelse fullnøying -a/i, stetting -a/i, tilfredsstilling -a/i
tilt (kamera-) vipping -a/i
timbre 1. klangfarge -en, klangdåm -en 2. klang -en 3. tonefarge -n
titles tekstar, opningstekstar, føretekstar
toto pro pars heilskap for del
tracking kamerakøyring -a/i, sporkøyring -a/i
trademark 1. varemerke -t 2. merke -t, preg -et
trailer smakebit -en, (film-/program-) reklamesnutt -en
transmission overføring -a/i
transparent 1. gjennomskinleg, gjennomsynleg (a) 2. ljosark -et (s)
transparency å vera gjennomskinleg
travelling kamerakøyring -a/i
trykkefrihet prentefridom -en, trykkjefridom -en
trykkeri prenteverk -et
TV fjernsyn -et
ubevisst umedvite
umiddelbarhet å vera direkte / beintfram / beinveges, beinveges / direkte tilknyting
underbevisst undermedvite
underholde underhalda (-held, -heldt, -halde)
underholdning underhaldning -a/i
undersøkelse gransking -a/i, etterrøkjing -a/i
user interface brukargrensesnitt -et
uses and gratifications research bruksforsking -a/i, bruks- og tilfredsstillingsforsking -a/i, moderne bruksforsking
utrede greia ut, finna ut av, gjera greie for
uttalelse utsegn -a/i, ytring -a/i, fråsegn -a/i
Verfremdung framandgjering -a/i
vertikal loddrett, loddbein
vesentlighet å vera viktig, å vera vesentleg, å vera avgjerande, å vera i framgrunnen, vekt -a/i
viewer sjåar -en
virkelighet røyndom -en, røynd -a/i «Tilhøvet mellom bilete og røynda er ...»
virkelighets-TV røyndomsfjernsyn -et
virtual communities virtuelle samfunn, netsamfunn
virtual reality virtuell røyndom, fungerande røyndom, mogleg røyndom
voice of god gudsrøyst -a/i (avpersonifisert og tilsynelatande allvitande forteljarrøyst)
voice over forteljarrøyst -a/i, kommentarrøyst -a/i, kommentar -en
voldspåvirkning valdspåverknad -en
web vev -en, net -et
webmaster vevmeister -en
web page vevside -a, netside -a
web site vevstad -en, netstad -en
wide-angle lens vidvinkellinse -a
widescreen breiskjerm -en (om fjernsyn), breiformat -et
window vindauge -t
wipe utstryking -a/i
work-place soap arbeidsplass-såpe -a
world wide web verdsveven, den verdsvide veven
ytringsfrihet ytringsfridom -en
zapping (kanal-) hopping -a/i, skifting -a/i, byta kanalar, sitja og trykkja (på fjernkontrollen)
zoom skuva -a (v), skuving -a/i (s) «Ved å skuva snøgt inn mot motivet skapte regissøren rørsle i biletet.»
zooming skuving -a/i, inn-/utskuving -a/i
zoom lens skuvelinse -a