Onsdagsteknikk #1 2018

English below.

Sesongen er for alvor i gang og første onsdagsteknikk blir akkurat i tide før Tio. Terrenget er Trolla, kor det stort sett er minst 90% bart, men litt meir snø på enkelte myrer og søkk (synfart måndag).

Påmeldingsfrist: Onsdag kl. 16:00

Avreise: 18:00 frå Lille-P.

Løyper:
– Vanskeleg: 5-6 km A-nivå med gode kuttealternativ. Mellomdistansepreg med enkelte halvlange strekk.
– Enklare: 3-4 km med lettare nivå for tio-påmeldte (og andre) med litt begrensa erfaring.

Alle postar er markert med dopapir.

Kart: Trolla, 1:10 000, 5 m

Parkering:
Her, ved vasstårnet på Trolla. Det er byggearbeider på den vanlege P-plassen i svingen, så køyr heilt opp til vasstårnet på toppen. Måndag var det skilta “forbod mot innkøyring” litt nedanfor svingen pga. byggearbeidet, men det blir nok ikkje kontrollert utanfor arbeidstid.

 

English:
Technical orienteering training at Trolla on wednesday. Registration here before 16:00. Meeting point at Lille-P at 18:00. Two courses: 5-6 km hard level, and 3-4 km easy level.

Jakob KS

Mang ein gong har eg vore kjær, men mi einaste ekte kjærleik, er mail.