NM Sprint og sprintstafett

I år går NM sprint og sprintstafett i Stavanger og Sandnes, laurdag og sundag 26-27. mai.

Nettside for NM

Terrengsperring: Stavanger og Sandnes

Påmelding NM sprint (ikkje opna enno)

 

Overnatting
Vi har booka overnatting på NM-hotellet Scandic Stavanger City. Her har vi 7 tremannsrom, så totalt 21 plassar. Vi kan avbestille ned til 3 rom fram til slutten av april. I tillegg har Jonas KE 6 plassar heime hos seg, så planen er å fylle opp der og at resten bur på hotell. Da blir det så billeg som mogleg.

Påmeldinga er bindande.

 

Reise

Fly er klart mest fornuftig reisemåte og også grunnlag for reisestøtta. Vi anbefaler å bestille sportsbillett hos SAS. Det kan vere litt dyrare enn billigste alternativ, men du kan endre namn på billetten fram til 1 time før avreise, og avbestille med full refusjon fram til eit døgn før.

For å bestille sportsbillett, skriv inn koden ntnui22 som “Avtalekode” her: https://classic.sas.no/tilbud-og-priser/priser/sport1/bestill-sportsreise/

Reise nedover fredag ettermiddag/kveld (25. mai) og retur søndag ettermiddag. Det er lett å komme seg til hotellet frå flyplassen med flybuss, så eg set ikkje opp anbefalte fly. Tidsplan for NM er ikkje lagt ut, men ut frå tidspunkta i 2017 på Hamar bør ein greitt rekke fly frå kl. 16 og utover søndag.

 

Transport
Føtter og kollektivtransport. Løpet laurdag ligg i gangavstand frå hotellet og det er godt med buss og tog til løpet søndag i Sandnes, så det blir ikkje leigebilar som først planlagt.

 

Pris
Reise: ca. 1400 kr for tur/retur
Overnatting: ca. 400 kr per natt
Transport:  300 kr/pers (inkl. flybuss)
Reisestøtte: -700 kr
Totalt: ca. 1800 kr

Jakob KS

Mang ein gong har eg vore kjær, men mi einaste ekte kjærleik, er mail.