Søk styret i NTNUI Langrenn!

Hu og hei, godtfolk!

Ein ny skisesong er i gang, og om ikkje altfor lenge skal det også veljast nytt styre i langrennsgruppa. Dette gjerast på årsmøtet tirsdag 21. januar 2020. Med unntak av Marka Rundt-sjef, er alle stillingar (9 stk) på val.

Les mer om de ulike stillingene her: Styrebeskrivelse-NTNUI-Langrenn-nov19

Å vera ein del av styret i NTNUI Langrenn kan på alle måtar tilrådast. Vi snakkar ein heiltriveleg styregjeng, kake på kvart styremøte, automatisk plass på dugnadslista (godkjent refusjon), og ikkje minst: du får vera med å bestemme i Noregs største idrettslag. Og akkurat det sistnemnde ser heilt ekstremt, frykteleg, supernice ut på CV-en ;);)

Interessert eller har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt 🙂 Vi håpar på mange søknader, både frå gamle og nye medlemmar!

Søknad kan sendast til fridao@stud.ntnu.noSøknadsfrist søndag 24. november. Bruk gjerne følgende hightech søknadsmal: Søknadsmal styret NTNUI Langrenn

Med venleg helsing

Valkomitéen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *