Kvifor Solsida?

  • Språkleg nøytralt
  • Trondheim kommune er språknøytral. Mållova seier at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. I følgje forskrifta om målvedtak i kommuner, er 19 av 25 kommuner i Sør-trøndelag språkleg nøytrale, også Trondheim.

    I språknøytrale område skulle ein forventa å finna språkleg nøytrale ord i føretaksnamn til skue for ålmenta, eller to namn slik det ofte er i høgare statsorgan. Solsiden er ikkje språkleg nøytralt, men høyrer til eit konservativ bokmål/riksmål.

    Ordet side er hokjøn, og bøyast slik:
    På bokmål: ei side – sida – sider – sidene
    På nynorsk: ei side/sida – sida – sider/sidor – sidene/sidone
    Som me ser, er bøyinga av dette ordet sams på båe målformene.

    Hokjøn vert sjendan nytta i konservativ bokmål, og då bøyast ordet side slik: en side – siden – sider – sidene. Når den konservative bøyemåten vert nytta i så framheva ålmen posisjon, vert det ofte forvirring. Tidsadverbet sidan heiter på bokmål siden, og vert ofte forveksla med substantivet side på grunn av denne hjernelause bruken av konservativt bokmål. I språkleg nøytrale område som Trondheim, er det ekstra viktig å passa på å nytta nøytrale formar.

  • Støtte i lokalt og regionalt talemål
  • Tenk over målføret til trønderar. Seier ein trønder Bymarka eller Bymarken? Gryta eller Gryten? Væretrøa eller Væretrøen? Ilsvika eller Ilsviken? Ila eller Ilen?

    Me kan slå fast at slike ord (mark, gryte, vik) får hokjønsending her i Trondheim. Byåsen, Svartlamoen og så bortetter har hankjønsending av di dei er hankjøn. Så kvifor i alle dagar heiter det Solsiden? Dette er eit vederstyggjeleg avvik frå regelen, og ein skamflekk på ein by med elles språkfaste stadsnamn.

  • Solsiden fører til knoting og bokmålisering av dialekten
  • Er det tilfeldig at Solsiden ikkje heiter Solsida, eller handlar det nettopp om at Solsiden ynskjer å skilje seg ut, og heve seg over målføret til «den vanlege trønderen»? Brukte nokon hankjønsendinga aktivt for å lage eit skilje?

    Identitet er eit viktig stikkord når me talar om språk, også i denne saka. Me har retta søkjeljoset mot Solsiden, av di me vil at trøndarane sjølve skal sjå at dette ikkje høyrer heime i Trondheim. Me tykkjer det er viktig å taka vare på målføra, og me tykkjer sjølvsagt at trønder er blant dei flottaste målføra i landet. For å kunne taka vare på trøndermålføret, må trøndarane sjølve verta medvitne om at bokmålsveldet skadar språkidentiteten deira. Tanken bak dette oppropet er å skape ordskifte og språkmedvit, og er ikkje eit spørsmål om nynorsk mot bokmål. Dette er eit spørsmål om Trondheim og språkidentiteten til trønderar.