Sommarløpa i Nord-Østerdalen

I år blei godbiten «Sommarløpa i Nord-Østerdalen» arrangert helga 30 juni-2juli. Været var strålande og stemninga på topp. Frå NTNUI stilte ei god blanding løparar, nokon lokale favorittar og ikkje minst tilreiste outsiderar. For min del hadde eg fått ei ideell opplading med «Camp Osmoen» sama veka. Her fekk eg innføring i tjukkmjølk, seterdrift og ikkje minst løpt gode økter i det nydelige terrenget på Os. Resten av gjengen har eg en mistanke om at kom rett frå hektiske sommarjobbar, tatt resultatet og progresjon i løpet av helga i betraktning 🙂 NTNUI stilte totalt med sju løparar, fem i H21 og to i D21. Dei lokale løparane Per, Øyvind, Ivar og Gunnhild budde heime. Om Gunnhild er blitt Nord-østerdøl kan vel diskuterast, men lar det gå for denne gang. Vi som hadde litt lenger reise heim booka ei hytte på Tynset. Meir eller mindre ei luksus hytte med både seng, sofa, bord og kjøleskap. Vi tenkte det var greit å optimalisere forholda for best mulig resultat. På hytta var det meg, Lars, Karen, Mattis og Wolfgang. Her er det viktig å få fram at freidig løparen Mattis måtte lage mat og vaske, slik som det bør vere. Wolfgang deltok ikkje på løpa men var på sykkeltur gjennom området og sov over frå fredag til laurdag. Hyggelig! Vi var litt for opptatt med å nyte helga, så gløymde å ta bilde på turen. Har derfor tatt med nokon kartutsnitt frå kvar dag. På dag 1 var det forkorta mellomdistanse på Kvikne. Ettersom resten av gjengen var slitne etter en lang arbeidsdag klarte eg å stikke av med sigeren tett etterfølgt av Ivar på 3.plass ! På damesida blei Karen beste NTNUI`er med en solid  3.plass.
Et lite utsnitt av det som møtte oss i den fine skrålia på dag 1.

Et lite utsnitt av det som møtte oss i den fine skrålia på dag 1.

Dag 2 var på sama arena, med mellomdistanse på planen. Vi stilte opp i godt mot om å hente heim premiane også i dag, men slik gjekk det ikkje. Det blei et løp, der man kunne komme nokså langt opp på lista om man løp feilfritt. Ut ifrå det eg hugsar blei det litt i overkant mykje bomming på NTNUI i  dag, nokon klaga på kartet mens andre på formen. Muligens noe av dette som stemte også, sidan NTNUI kom litt lenger ned på lista. Vi på hytta tenkte ihvertfall at her må det gjerast noko, så vi sat Per på saken. Han ordna kart og løype på kartet Ripan, et av kremterrenga på Tynset. I ny driv fekk vi gjennomført ei bra økt, der heile gjengen gjekk feilfritt. Dette lova bra til siste dag og fellestart. Resten av kvelden gjekk med til spekemat, flatbrød og «skrekkfilm» (ihvertfall for nokon). Kva dei heimeverande lokalløparane forberedte seg er uvisst, men at det gjekk i tjukkmjølk og vørterøl overraskar meg ikkje.
Klart helgas største bom. Ikkje grunn til å nevne navn, men her er det nokon som må heim å trene meir!

Klart helgas største bom. Ikkje grunn til å nevne navn, men her er det nokon som må heim å trene meir!

Dag 3 var fellestart, en fellestart med nesten 300 løparar. Sjølv om ikkje alle skulle ha same løypa så blei det litt TIO stemning med Emil Wingstedt ved sida av meg. Tempoet blei som forventa, full gass ut frå start. Det blei mange harde duellar ut i skogen, både fysisk og teknisk. I herreklassen blei det fort ei lita tetgruppe der Ivar lurte resten av feltet og stakk av med sigeren. Eg prøvde å knappe inn på forspranget men klarte ikkje tette luka som blei 20 sekund i mål. Hold til en 2.plass. Herleg å få to NTNUI`ere på pallen! Bak kom Wingstedt og Magerøy. I dameklassa var det vel så spennande! Karen var med i tet gruppa heile vegen og styrte store deler av løpet. Det ente med en knallbra 2.plass.
På fellestarten møtte vi mange veivalgstrekk. Eit av strekka i H21 var til 3.post, som vist på bilde. Hvor ville du dratt?

På fellestarten møtte vi mange veivalgstrekk. Eit av strekka i H21 var til 3.post, som vist på bilde. Hvor ville du dratt?

Etter ei lang og bra helg i Nord-Østerdalen, med både premiar og erfaring i sekken satte vi kursen heim for sommartreninga og opplading til O-ringen og haustsesonga. Link til resultat: http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=7825&eventRaceId=8228&groupBy=EventClass Vi satar på at det ikkje blir lenge til neste gang vi tar turen til Sommarløpa i Nord-Østerdalen, dette var moro!

En tanke om “Sommarløpa i Nord-Østerdalen

Det er stengt for kommentarer.