Nattrenn #5 - Achtung die kurve (06.12.2017)
Kategori: Trening
Kart/område: Hangervåttan
Disiplin: Nattrenn
Distanse: 5.22 km
Tid: 72:25
Gj.sn. HR: 138
Maksimum HR: 159
Kurvenattorientering i snø - fordi problemet med orientering er som kjend for mykje lys, for mykje kart og for mykje barmark!

Heile løypa går det veldig treigt. Botn er dekt av 10-15 cm snø, og det er dels mykje hogstavfall på bakken, så ein må passe på stega. I tillegg er det bratt og delvis tett, men også finare parti, men alle motbakkar er blytunge pga. snøen. Gidder ikkje å rote, så spring stort sett rett vidare der eg er litt usikker på detaljen.

1: Det er berre å følgje lysa, men dei forsvinn fort i skogen når eg først stoppar eit framspring for tidleg.
2-5: Allereie aleine i skogen, men får brukbart tak på kartet og finner det eg trur er postdetaljane, noko GPSen bekreftar. På 3. fann eg søkket og gadd ikkje leite etter skrenten.
6-9: Til 6. kjem eg ned til stupa og kryssar over mot aust. Skikkeleg dritt ned dalen frå posten, og inn mot 7. er eg litt usikker på høgda og spring visst litt over. Eg tar meg ikkje tid til å rote og spring straks vidare om eg ikkje finn detaljen.
10: Springer visst gjennom posten og trur eg skal lenger opp. Skjønnar feilen når kompasset viser at eg er aust for kollen, ikkje sør for han.
11-15: Grei skuring vidare. Droppar 12. fordi eg ikkje gidd å knøvle ned stuprekka, og traseen mot 13 ser så fin ut. Rett i både 14 og 15, men det er dels tett i søkka, så framdrifta er begrensa.
21-M: Stoppar rett framfor kollen på 21., trur eg er kommen for langt og spring litt tilbake før eg tar posten på nytt. Mot 23. er det enorme mengdar hogstavfall både på flata og i søkka opp mot posten. Går fleire gongar på tryne og sett meg nesten fast. Litt feil retning mot mål og tar meg inn på skrenten.

Alt i alt ein koseleg løpetur, men litt begrensa o-teknisk utbytte og det var sikkert vel så fint på ski i Bymarka i kveld...
Vis kommentarer (0)
 
Nattrenn #5 - Achtung die kurve (06.12.2017) Nattrenn #5 - Achtung die kurve (06.12.2017)