KKC #3 (11.10.2017)
Kategori: Konkurranse
Land: Norge
Disiplin: Mellomdistanse
Distanse: 5.53 km
Tid: 52:07
Gj.sn. HR: 162
Maksimum HR: 180
Ut og prøve nattformen igjen, i nytt terreng!
Ganske fornøgd med løpet med unntak av eit par eit par bom. Det var vanskeleg ravineterreng med dels tett skog og mykje vindfall, og eit kart som ikkje var heilt oppdatert, men veldig gøy å løpe natt igjen.

1-2: Sikrar mot 1. post og drar vegen. Kurs inn i posten og blir i tillegg hjulpet litt av Henrik som går i den rett før meg. Kjem for lågt på 2. post og må snu og dra opp igjen.
3: Dagens største bom. Bra tempo på stien ned og rundt, men treffer like sør for posten og blir gåande fram og tilbake i eit dårleg framkommeleg terreng før eg finn han.
4-8: Bra orientering. Går rett i det meste med unntak av litt dårleg retning inn mot 6. post. Til 8. veit eg at stien rundt er fin.
9: Dårleg retning og drar først til eit søkk lenger opp på bekken. Mister Adrian som eg var saman med på 8.
10-11: Drar opp til 10, men får høyre etter løpet at skrålia var godt løpbar og kanskje det beste alternativet. Til 11. får eg ein ny bom når eg mister retninga ved kryssing av bekken og løper opp feil nese.
12-M: Bra løping mot 12., men må løpe rundt eit svært område med vindfall inn mot posten. Til 13. blir eg litt usikker av eit svært nyhogd område øvst på haugen, men går likevel rett i. Tenkte at jordet kunne ha høgt gress og dårleg løpbarheit og tok skogen ned til bekken mot 14.
Vis kommentarer (0)
 
KKC #3 (11.10.2017) KKC #3 (11.10.2017)