Hu og hei 2017 (07.10.2017)
Kategori: Konkurranse
Kart/område: Bymarka
Land: Norge
Disiplin: Ultralangdistanse
Distanse: 39.21 km
Tid: 341:17
Gj.sn. HR: 150
Maksimum HR: 182
Det er til tider veldig vanskeleg å forstå at dette er noko eg gjer frivillig. I alle fall når musklane er som ein god porsjon karamellpudding, beina er iskalde og du likevel er på tur VEKK frå badstu og middag!

Ettersom eg for 3. året på rad har gløymd å kjøpe langtights gjekk eg for knekort og vanlege o-strømper. Det skulle eg seinare få angre. I håp om at vêrvarselet skulle stemme droppa eg også overtrekksjakka og satsa på super+trøye. Det var nok heller ikkje eit smart trekk.

1. runde:
Som i fjor starta eg neste likt med Kristoffer og vi endte fort opp ilag. 2/3 til 1. post hugsa eg å starte klokka og posten gjekk vi rett i. Til 3. lønte det seg nok å dra ned i staden for å halde høgda i myr og li, og venstre var nok også raskare til 4. Det kom jamnt med regnbygar og eg kjende etterkvart at eg sleit med å halde god kroppsvarme. Særleg tæra det på at beina knapt rakk å bli varme etter litt løping på veg og sti, før vi på nytt dro ut i kald myr. Draumen om eit par våtsokkar låg heile tida i bakhovudet. Etter bålpost (5.) drar eg og Kristoffer venstre, mens det beste nok var høgre om Lavollen. Det var hardt å løpe ned frå Fjellseter med vissheita om at vi etterpå skulle opp same veg. Det ble også tungt, og på passering var det slutt for Kristoffer. Småkald som eg var vurderte eg også å stoppe, og kjende at formen ikkje var som i fjor og at dårleg påkledning hadde tært unødvendig på energilagra, men med ein lang matpause dro eg likevel ut på 2. runde.

2. runde:
Strekket til 7. var nær identisk med fjorårets, så eg fekk perfektsjonert vegvalet frå da. Tok tidleg igjen Ingunn og vi sprang meir eller mindre saman fram til Kudalen opp mot Elgsethytta. DA sa det stopp for min del. Skikkeleg stopp. Ingunn _gjekk_ ifrå meg og eg greidde ikkje småjogge igjen før eg hadde passert Rundheia. Inn mot 8. kom også sluddbygene og med lite energi igjen vart det ganske kaldt. Eg kom meg likevel vidare til Skjellbreiddalen og greidde i motsetnad til mange andre å treffe rett på posten. Kva som var best til 10. er eg ikkje sikker på. Myrene ned Skjellbreiddalen var veldig tunge og sjølv på vegen opp frå Grønlia vart det mykje gåing på skjelvne bein. Kanskje hadde eg greidd å springe meir i utforbakkene frå Henriksåsen...
Etter nær 5 min motivasjons(og sjokolade)stopp på sistepost greidde eg å tyne ut siste kraftreserve opp til Fjellsetervegen, men måtte kapitulere og gå resten av vegen opp til Henriksås-parkeringa og stien opp til hytta.

Men berre vent til neste år!
Vis kommentarer (0)
 
Hu og hei 2017 (07.10.2017) Hu og hei 2017 (07.10.2017)