O-festivalen lang (24.06.2017)
Kategori: Konkurranse
Distanse: 12.83 km
Tid: 78:33
Gj.sn. HR: 153
Maksimum HR: 172
O-festivalen Lang, en langdistanse eg kjem til å hugse lenge. Variert terreng med kravande orientering og fysisk utfordringar. Eg var sjølv i overraskande god form, følte eg kunne presse på heile vegen. Det blei dessverre opp mot 5 min bom totalt, så kunne blitt veldig skummelt ettersom eg berre var 5 min bak Paul som vant. Likevel et veldig artig løp.
Fekk en bra start med post 1,2 og 3. Til fjerde post klarte eg å forstå kartet som om det skulle være en høgde, men det var visst et søk, så snur når eg kjem til søkket. Eg trur eg er komt heilt til 5-post. Her ryker det fort 2 min og eg får selskap med Eirik K H. Tar meg bra samman etterpå. Springe kanskje litt for mykje rett på til 6.post, skulle holdt litt meir høgre. Sjølve rett på veivalget var muligens litt dårligare enn å dra venstre på vei. Vidare tar eg post 7,8 og 9 veldig bra. Har stålkontroll teknisk. Til 10-post går alt etter planen utanom inngangen. Tar opp lia litt for tidleg og taper litt tid på det. Skjønner det fort og drar ned i posten. Har fortsatt selskap av Eirik, et selskap som holder heilt til mål. Sjølv gjer eg mykje av orienteringa sjølv og føler at eg har god kontroll. Når det både stemmer fysisk og teknisk blir det et løp som eg skulle ønske var litt lenger.
Vidare går det fort unna, men har i grunn god kontroll sjølv om det blir en bom på 13.post. Veldig irriterande ettersom eg har god kontroll på skrenten før ringkanten, skulle ha lagt inn ein betre kurs inn i posten. Skjønner det etter kvart og dreg opp i posten. Vidare går alt på skinner med Eirik i rygg, vi pressar bra på og kjem inn til gode tider. Det endar på ein 6.plass for min del. Veldig godt fornøgd med det. I tillegg å sjå at det er potensiale for å strekke seg enda lenger opp på resultatlista om det stemmer litt betre teknisk.
Vis kommentarer (0)
 
O-festivalen lang (24.06.2017) O-festivalen lang (24.06.2017)