Romjulsløpet 2016 (26.12.2016)
Kategori: Konkurranse
Arrangør: Helge Schei
Disiplin: Mellom
Distanse: 3.73 km
Tid: 23:49
Gj.sn. HR: 157
Maksimum HR: 168
Det var igjen duka for det tradisjonelle Romjulsløpet i Førde. Arrangør og løypeleggar var og som alltid Helge Schei. Vi reiste frå Stryn i håp om barmark og fine forhold. Værmeldinga sa noko annet, men lysta på o-løp var stor så tur blei det. I Førde møtte vi ein god gjeng klar for litt utfordring i skogen. Løypa var ein intens og morsom mellomdistanse i eit kurverikt terreng. Det lå litt snøv i terrenget og det var kaldt på beina, men fokuset var på plass. Sjølv om det var litt kaldt i løypa, så venta eit varmt bål med pølser og gløgg i mål. Det vart satt stor pris på! Etter gode diskusjonar og jule helsingar rundt bålet, satte vi kursen raskt heimover før stormen «Urd» skulle sette igang for fult.
Analyse av løpet:
s-1: Litt rolig i start for å komme inn på kartet. Går bra
1-2: løper mykje på kompass, greit gjennomført
2-3: kjem litt høgt på kollen midt på strekket
3-7: Løper mykje på kompass og plukkar detaljar. Bra kontroll
7-8: Nøler litt inn i posten. Men ellers bra
8-11: God kontroll, føler eg går litt ned på farten, men går fort nok. Sliter litt med kulden på fingrane.
11-12: Går litt langt høgre(ned). Burde holdt høgda.
12-13: Dårligaste strekket frå min side. Blir litt usikker ned frå stupet og nøler altfor mykje. Går litt tid der.
13-m: Rett i!
Alt i alt eit bra løp. Veldig fint å få mulighet til å løpe litt orientering i Jula. Det blir nok å ta turen til neste år også! Ellers GOD JUL ?
Vis kommentarer (0)
 
Romjulsløpet 2016 (26.12.2016) Romjulsløpet 2016 (26.12.2016)