Hu&Hei 2016 (08.10.2016)
Kategori: Konkurranse
Arrangør: Harri
Distanse: 34.45 km
Tid: 197:39
Gj.sn. HR: 178
Maksimum HR: 223
Hu&Hei!
Her er min reise gjennom ett eventyrlig løp i Bymarka. En strålande dag blei krona med seier i eit løp som eg kanskje stiller aller høgast, HU&HEI! Reisen hadde det meste enn kunne drømme om, lang bakkar, tunge myrar, lange strekk, svømming, sjokolade og ekstremt god stemning (spesielt på bålpost! Er det beste bålpost nokon sinne?!?). Etter ei habil gjennomføring av snuskeløpet skulle det bli spennande å ta fatt på sjølve Gampeløpet. Var litt usikker på taktikken, rett bak kom både Rasmus og Mikkel ganske fort. Dei starta ca 30-40 sek bak. Lengde på løpet, fysisk grunnlag og det mentale, meinte eg sjølv skulle være greit. Utfordringa for min del ligger ofte i at toppfarten ikkje er så stor. Eg var forbredt på å få Rasmus og Mikkel opp i ryggen ganske fort. Dei er raske karar, så rekna med dei ville trøkke bra til i starten, og ettersom det blei sagt i garderoben at sansynligvis ingen, eller at det var ekstremt uvanlig at nokon løp heile Hu&Hei åleine, så rekna eg med dei skulle komme fort. Før start var eg klar, var gira på å komme meg i myra å trøkke litt til. Oppgiring av Jon satte prikken på i`en!
Klokka var der og løpet var i gang. Eg tegna fort, og kom meg avgårde før Mikkel kom rundt hjørnet. Tenkte først Revberget, men bestemte meg etterkvart for å dra litt meir rett på. Når eg kom ned på veien og til parkeringsplassen såg eg gruppa komme frå andre sidan(frå revberget), her trur eg dette berre skilte 15 sek på parkeringa. Eg tenkte at nå var eg tatt igjen, men det skal ikkje bli heilt gratis, så løp videre i grei fart. Klarte å holde luka fram til første post. Var rask på posten og løp ut akkurat når Rasmus kom inn.
Til andrepost bestemte eg meg for å løpe vei, det går fort + at det ikkje tar så mykje energi. Eg møtte mange nedover stien til veien. Folka var jo ikkje så langt bak tenkte eg...Eg hadde ingen i rygg så tenkte at eg berre måtte ta sjansen å prøve. Det gjekk fort på veien, ca 4 på min/km. Høyrte i etterkant at Paul hadde sett meg på veien og ikkje var så langt bak. 2.post gjekk forsovidt fint, løp på myrane for å sleppe den berykta krypfurua på Geitfjellet. Tegna inn neste post fort og såg at eg skulle til Lavollen, og deretter velge veivalg.
Til tredje kom langstrekket. Her hadde Harri (løpelegger) kosa seg godt tenkte eg, her måtte det være mange lure veivalg. Eg tenkte som på andrestrekket at vei går fort + sparer krefter. Velger å løpe til Styrkke, her er eg meir kjent og veit kor eg skal. Planen var å springe til Marka-krysset og stien opp, men så kom o-løpar instinktet. Eg tenkte som så at hadde eg hatt post i krysset(før marka-krysset) og bort til 3.post så hadde eg dratt rett på. Så bestemte meg for det. I etterkant så angra eg litt på det, her blei det både tunge myrar, bratte bakkar og ein liten svømmetur. Etter som det nå hadde gått litt tid og farten hadde vært stor, så var eg litt spent på korleis eg lå ann. Eg fant posten ganske fort, tegna inn neste strekk og løp videre. Ingen å sjå...kunne eg klare å komme til runding uten å bli tatt igjen?
Fjerde post, ok nå blir det endelig bakker og ikkje full spurt på vei. Veivalget blei ikkje så vankelig her. Opp på samme stien og «rett» på fra Marka-krysset. Første eg møter er Simen, eg tenker at her har det gått fort på vegen. Godt under 4min/km. Han kan ikkje være langt bak. Eg hilser og fortsetter. Bakkane opp mot 4.post går bra, løper på kompass. Kjem litt høgt men ellers bra. Nå er det på tide med litt sjokkis. Tar meg to biter!
Til femte post og bålpost blir det eit greit valg, der eg trur eg løyser strekket bra. På bålpost var det ekstremt god stemning, hadde litt lyst til å bli med, men det får vi ta igjen en annen anledning. Fekk bra motivasjon av heiagjengen der! Sjølve kartlesinga gjekk fort, og eg såg at neste post var studenterhytta og runding. Fortsette i godt driv, men etter 200 m så fekk eg ett innfall om at kanskje studenterhytta var tegna inn for at folk skulle finne veien dit om dei ville bryte, så bestemte meg for å løpe tilbake å sjekke om der var fleire poster på karte, der var det ikkje. Litt surt å tape et minutt her, men og greit å være på den sikkre sida. Blei litt stressa over at folka som kom bak ikkje kunne være langt etter nå og at eg måtte være rask på runding. Det var jo viktig å ikkje miste luka nå når enn først hadde den. Stresset la sikkert rundemannskapet godt merke til. Eg var kun interessert i å få neste post å løpe videre. Postopphenget var ikkje satt opp endå, så det hjalp ikkje på stresset frå min siden, men Harri tok det med ro og fekk vist meg kor neste post var. De ville dele ut mat og det som hører med, men eg var ikkje så interessert. Mat og drikke får man ta når man er ferdig, tenkte eg og fortsette.
Første post på runding tenkte eg fort Revberget rundt Gråkallen, men så at det ville bli ein omveg sidan eg måtte heilt ned til stikrysset. Så ombestemte meg å løp om vintervannet. Posten gjekk greit og farten var bra. Eg starta faktisk å tenke på kor lenge eg faktis kom til å løpe åleine. Det var jo ikkje vanlig at enn løp heile Hu&hei aleine? Andre post, hmmm. Terreng eller sti? Det blei sti, pluss då kunne eg sjå korleis eg lå ann. Eg var veldig spent på kor eg kom til å møte neste mann. Eg trudde det kom til å bli Rasmus eller Simen. Begge dei er kara som holder ut lenge og har litt ekstra på slutten. Første eg møter er Paul. Han møter eg på den første skogsvegen, ca midt på. Tenker ca 6-8 min. Det må være bra, her er det faktisk muligheter. Men så kommer første «Sprekk», må til å gå litt i bakkane opp mot Elgsæterhytta. Eg føler det går ekstremt seint og reknar nesten med at nå er det kjørt. Eg jobbar og jobbar, men beina vil helst gå. Eg går så fort eg kan....Kommer tilslutt opp på myra og får igang beina igjen. Eg er no veldig innstilt på å gi alt det korppen har og litt til, det er jo tross alt berre mentalt tenkter eg. Kroppen skal ikkje få bestemme her! Det er nå eller aldri. Det er Hu&Hei! Tenk å vinne det, det må være det største som finst for ein o-løpar! Eg prøvar å oversjå alt av smerte og negative tanker. Smil og vær glad for at du får være med. Eg føler eg har eit bra veivalg og treffer posten bra. Eg måtte dessverre ein liten luftetur i ei busk på vei til posten, men det fekk orden på magen. Det var utvilsomt vert det tenkte eg og fortsette i godt humør.
Til siste post var det ein mental og fysisk prøvelse fram til vatnet midt på streken. Kankje eg burde a spist mer og kanskje fått i meg noko drikke på turen tenkte eg, men alle unskyldinger enn finner på løyser ingen problem. Her jobba eg mykje med meg sjølv. Traff akkurat der eg hadde planer om! Digg! Nedoverbakkane gjek fort og bra. Traff rett i post. Det første eg ser er klyppetanga. Er det siste post?! Yes! Nå må eg berre trøkke til inn, som om det er det siste eg gjer! Eg er veldig usikker på kva veivalg eg skal ta. Bestemmer meg for at eg er så pass sliten at det er best å ta sti, her vil det vertfall gå framover om det går heilt tomt. Eg finner en fin trasee ned til skogsvegen, hmmm her hadde eg løpt før. Bra då er eg på rett vei. Eg las kartet for siste gang på Grønlia, sliten som eg var. Nå måtte eg berre komme meg opp til Studenterhytta i grei fart. Her kom dagens skikkelige mentale utfordring. Eg var tom, men skulle likevel komme meg så fort som mulig opp. Eg løper og små jogge oppover. Til tider føles det ut som om eg faller bakover og at eg står i ro. Men er berre hodet som spiller meg et puss, for nå er det ikkje mykje krefter å skryte av. Digg å komme opp på flata på Henriksåsen, her går det endelig fort igjen. Eg ser en sykkelist med kamera, klarer ikkje å sjå kven det er, men han vil ha Highfive! Eg svarer med ein highfive og høyrer han si noe. Då høyrer eg det er Wolfgang, god stemning! Eg løper det eg har videre og heilt i mål. Ingen andre å sjå! Harri roper meg inn til seier! For en lettelse og glede. Dette var RÅTT! Ein stor opplevelse og milepel for ein o-løpar frå Fjelli. Det blei eit ensomt Hu&hei, men likavel ein eventyrlig og magisk reise gjennom Bymarka. Ett merke i Hu&Hei stolen står høgt!
Vis kommentarer (0)
 
Hu&Hei 2016 (08.10.2016) Hu&Hei 2016 (08.10.2016)