Fjord-O dag 3 (16.07.2016)
Kategori: Konkurranse
Disiplin: mellom
Distanse: 10.98 km
Tid: 67:18
Fjord-O! Rå opplevelse! Er det noko som er artig så er det sommarløp og den atmosfæren som ligger rundt. 3 etappe gjekk på Emblem, der vi fekk ei variert utfordring i magisk terreng. Gode løype! Eg var litt spent på egen form, sidan avbrekket p å 3 mnd kanskje ikkje er det beste for konkurranseformen. Men var gira og klar for løp. Følte eg sprang på lysta og form generelt.
Fekk en bra start og hadde bra kontroll heilt til 11.post. her kjem eg for lavt og tapar litt tid. Farten fram til 11.post føler eg er dårlig undervegs, men det ser ut som om den har vore bra nok. Eg sleit litt med hall(sting) underveg, så blei satt litt ut av det. Til 12.post trur eg at eg dreg feil side av vatnet. Elles vidare spring eg etter planen og treffer godt. Frå 16 til 18 har eg min dårligaste periode, er ryker sigeren. Spring litt hodelaust nedover bakkane og legger frå meg for mykje tid.
VELDIG godt fornøgd med å få springe o-løp igjen. Det var griseartig. Godt fornøgd med gjennomføringa og løpet generelt. 2.plass i eit bra felt! Er godt å få litt konkurransefart på øktene igjen.
Vis kommentarer (0)
 
Fjord-O dag 3 (16.07.2016) Fjord-O dag 3 (16.07.2016)