Hu&Hei 2015 (03.10.2015)
Kategori: Konkurranse
Distanse: 41.49 km
Tid: 263:04
Endelig fekk eg løpt mitt første Hu&hei! Det blei en super tur i eit magisk trønderterreng. Tøft var det å springe ei løype av sjølvaste Gjertsen! Faktoren var 1 så løypa bydde på sine utfordringar. Formen og kroppen var på lag med meg i dag :) koste meg virkelig. Trur eg kunne ha fått til eit ganske så bra løp om eg hadde vert litt betre teknisk. Litt skuffa der. I går var det Snuskeløp til jaktstart på dette løpet. Blei eit litt dårlig snuskeløp, så starta neste 3 min bak ledaren og vinnar Jon! Tapte litt til første, hang litt for mykje. Til 2.post gjekk det endå verre! egna først feil, så blei en lang omveg rundt høgre...i tillegg tryna eg skikkelig ned lia til 2.post. Slo kneet og fekk strekk i leggen! Då banna eg litt for meg sjølv og tenkte at eg var ferdig for i år. Men måtte no fortsette til helt fram til 2.post slik at eg fekk sjokkis! Ble sjokkis....og klarte sjølvsakt ikkje å gi meg. DEt trur eg eg kjem til å kjenne resten av hausten. Kneet ble bra herpa og leggen heller ikkje så bra. Løp bra fram til runding. Kroppen var fresh :) Til først post etter runding blei det litt krise teknisk! Blei 4-5 min. Nedsig! men klar for meir! Langstrekket til 10. burde eg dratt litt meir rett på opp lia frå Grønlia. Stien opp bakkane var dårlig og gjørmete, traff posten etter planen...Følte meg bra og gira på bakka, så tok over toppen til nest siste. Trudde det var bedre frå toppen og ned, men var litt meir opp og ned enn eg trudde. Sleit skikkelig med å finne posten! Eg viste eg var rett men fant ikkje posten! Taper 2 min. Til mål var det greit. Å tape 6-7 min på sisterunden er for mykje. Men godt fornøgd med 3.plass!
Vis kommentarer (0)
 
Hu&Hei 2015 (03.10.2015) Hu&Hei 2015 (03.10.2015)