Rekordoppmøte, feilslåtte vêrmeldingar og Strava-analysering

Ettersom yr.no melde om tosifra antall grader (les: akkurat 10) og knall sol, var det semesterets beste oppmøte hittil på søndagslangtur.

skjermbilde-2016-10-02-kl-15-33-40

Bokstavelig talt forrykande oppmøte på dagens langtur

Les meir om formutviklinga, splittingane og Strava-dokumenteringa her!

_____________________________________________________________________________________________________________________________

Om lag 20 personar stilte opp på morgonkvisten trass plaskande regnvêr – med håp om eit snarleg vêromslag. Skal ein stole på utsagnet om at ”i Trondheim kan du oppleve fire årstider på samme dag”, hadde det ikkje vore altfor usannsynleg. Enkelte (les: berre underteikna) hadde også stilt i shorts, med stor tru på at ein endelig fekk jobba litt med brunfargen. Slik gjekk det ikkje.

Første del av turen gjekk i lett tempo frå Hovedbygget og opp til Byåsen Butikksenter. Her tok trenar Terje Magnus over som guide, og sette i gang eit solid tempo innover dei gjørmekledde stiane i Bymarka. Etter eit fryktinngytande bilete av TM under i3-økta i Meråker, har det blitt sådd tvil om intensitetsstyringa til trenaren er heilt ”on point”.

Terje demonstrerer elghufs I3

Terje demonstrerer elghufs I3

Som svar på dette publiserte TM lørdagens i3/i4-Vassfjelløkt på Strava, akkompagnert av ein screenshot av tid brukt i dei ulike intensitetssonene hans. Her var det ingen utslag på i5 å spore. Påstandane om at TM køyrer i5 under økter som er meint å vere i3/i4, kan derfor avvisast. Sjølv om underteikna ikkje har tilgang til dagens intensitetssoner for TM, kan vel alle som deltok på dagens økt melde om at TM såg svært lite anstrengt ut. Det er med andre ord liten tvil om at mannen er i form.

skjermbilde-2016-10-02-kl-15-33-59

Ved Kobberdammen

 

Knallvêret som yr.no hadde meldt lot imidlertid vente på seg, så både Geitfjellet og Kobberdammen vart forsert i det som nokon vil karakterisere som sørgelig trøndervêr (eventuelt ein godvêrsdag, om du er vestlending). Ved Kobberdammen sprang dei sprekaste (les: mellom anna TM) vidare mot Skistua, medan dei som var fornøgde eller kalde (les: i alle fall underteikna) tok fatt på turen nedover. For meir inngåande analyse av turen, henvisast det (dessverre?) til Strava.

 

 

14572615_10210429413713138_1290513919_o

Strong selfiegame på toppen av Gråkallen

 

Hørt under økta/på Strava:

  • ” Kortlangtur på en søndag, #lettibeina #overskuddsøkt»
  • ” Langt nok på en søndag. TM melder kanonslag”
  • ” Lenge leve Vestlandsvêr”
  • ” Ypperlige forberedelser mot Hu og hei”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *