Oppklaring om refusjon, inkl. «medlemsbevis-for-dummies»

Som dei fleste er klare over, må ein ved påmelding på langrennsgruppa sine arrangement, samlingar etc krysse av for ja/nei på spørsmålet om refusjon. I det siste har underteikna mottatt mange fortvilte, sinte og gråtkvalte henvendingar (les: to meldingar på facebook) om kva dette faktisk betyr. Hald fast, her kjem oppklaringa:

Å betale medlem-/refusjonspris (= å vere refusjonsberettiga) vil seie at du:
  1. Har gjort/skal gjere dugnad for langrennsgruppa i løpet av sesongen
  2. Ved konkurranse: deltar for NTNUI i riktig bekledning
  3. Har betalt medlemskap i NTNUI

Om du ikkje oppfyller desse kriteria får du ikkje refundert startkontingent, og må betale fullpris på samlingar.

Presisering #1: Det er ikkje krav om at du må ha gjort dugnad før du skal motta refusjon, men i løpet av sesongen.

Presisering #2: På påmelding til treningssamling er det ikkje snakk om refusjon i ettertid, men referert til om du oppfyller krava ovanfor for å få medlemspris.

Hovudpoenget er altså at du MÅ ha betalt medlemskap i NTNUI for å dra nytte av medlemsfordelane/refusjon i langrennsgruppa. Dette er inkludert i SiT sitt treningskort, eller du kan kjøpe det for den nette sum av kr 550, også hos SiT.

Hovudstyret i NTNUI (altså ikkje underteikna sitt påfunn – meget viktig presisering) har bestemt at alle aktive medlemmar, som skal nytte seg av medlemspris/refusjonsordninga, må levere kopi av medlemsbevis. Det gjer du enkelt ved å ta kopi av det grønne NTNU-kortet med NTNUI-oblat. Kopien legg du (etter alfabetisk rekkefølge, versåsnill) i den røde permen i langrennsgruppa si hylle på NTNUI-kontoret på i-bygget Gløs. Frist mandag 24. oktober.

Dersom du ikkje har oblatet på NTNU-kortet, må du på eit eller anna vis dokumentere at du har betalt medlemsavgift og at du er student ved NTNU. Kreativitet setjast pris på i ein ellers trist kasserarkvardag.

Ettersom dette er eit nytt opplegg, er det full forståelse for at det kan vere vanskeleg å forstå. Derfor følgjer medlemsbevis-for-dummies:

 

Medlemsbevis for dummies

  1. Finn ei kopimaskin. Legg medlemsbeviset ditt med NTNUI-oblat på kopimaskina. Ta kopi. Marker gjerne med navn, for å gjere jobben min litt enklare.

skjermbilde-2016-10-10-kl-22-58-39

Protip #1: legg medlemsbeviset med riktig side ned mot scanneren på kopimaskina.

Protip #2: om du ikkje har NTNUI-oblatet, må du likevel kunne dokumentere at du a) har betalt medlemsavgift på SiT (gjerne i form av kvittering + oblat) og at du b) er student.

 

  1. Lokaliser den røde permen på i-bygget @Gløs.

skjermbilde-2016-10-10-kl-22-58-50

Protip #3: ikkje diss skrifta på permen.

 

  1. Opne permen, identifiser riktig skilleark for alfabetisk kategorisering, og arkiver kopien. Kategorisering går etter etternavn.

skjermbilde-2016-10-10-kl-22-59-12

Proptip #4: ikkje forveksle fornavnet ditt med etternavnet.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *