Tour de Sweco 2018



NTNUI Langrenn er klare for eitt av årets desiderte høgdepunkt, og har med dette opna påmeldinga til Tour de Sweco 2018. Her blir det høg fart frå start til mål, syre til øyrene og prestisjetunge duellar. Ein gylden sjanse til å vise kven som er NTNUI Langrenn sin mest komplette utøvar.

Generelt: oppmøte framfor hovudbygget på Gløshaugen. Herifrå vil det bli transport i privatbilar. Oppmodar derfor alle som har bil til å møte her. På torsdag etter rennet er det bedriftspresentasjon med Sweco på Studenterhytta. Dersom det er mange nok påmelde, vil det bli sett opp busstransport til og frå torsdag. Informasjon i kalendaren på heimesida vil alltid vere gjeldande.

Program

Tirsdag 23. jan
Prolog 5km/5km. Fjellseter, Bymarka. Rennstart 2000. Avreise 1900.
Stilart: Friteknikk

Onsdag 24. jan
Fellesstart 10km/15km. Bratsberg. Rennstart 1915. Avreise 1800.
Stilart: Klassisk

Torsdag 25. jan
Finale 8km/8km. Ferista-Skistua (eventuelt Fjellseter dersom lite snø). Rennstart 1730. Avreise 1630.
Stilart: Friteknikk

Etter målgang torsdag blir det dusj og middag på Studenterhytta, med bedriftspresentasjon av Sweco. Påmelding til middag her.

Styret gledar seg stort til Touren, og satsar på like bra oppmøte i år som i fjor!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert av Anna. Bokmerk permalenken.

2 tanker om “Tour de Sweco 2018

  1. @Gudmund: Jeg har møtt Riis(e)gutt gjentatte ganger i Nordmarka og Lillomarka denne sesongen så du får mekke en rolig etteranmelding dersom han er hard å be! Ingen unnasluntring! 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *