“Om mus og menn”
Torsdag 12.02 (kl 19.30) har vi 15 billettar til stykket “Om mus og menn”, som er basert på John Steinbecks roman “Of mice and men”. Prisen for Gengangere-medlemmar er 190 kroner (andre = vanleg studentpris på 220kr).
Stykket har fått god omtale i media, så gå ikkje glipp av denne mogelegheita! Les meir her: http://trondelag-teater.no/forestillinger/2009/ommusogmenn/
Påmelding skjer [...]
Vårplan
Her er ei oversikt over Gengangere sine planar for våren (med forbehold om endringar):
Februar:
-karrieredag – 06.02
-semesterstartsfest – 06.02
-Teater: “Om mus og menn” – 12.02
Mars:
-Skumringstur – veke 9
-Teater: “John Gabriel Borkman” – veke 10
-Midtsemesterfest – 27.03
April:
-Prix de Gengangere (i kombinasjon med RISS-slipp) – 24.04
-Teater: “Chicago” – veke 18
Mai:
-Eksamenslunsj – veke 20
Karrieredag og semesterstartsfest
Førstkomande fredag (6. februar) blir det arrangert karrieredag for studentar ved INL! Dette er ei glimrande mogelegheit til å sjå kva ein kan bruke ei nordisk/alit-utdanning til. Dagen varer frå 10.15-15.45 og finn stad i auditorium D5. Enkel servering.
Dagen blir så avslutta med semesterstartsfest, i regi av Gengangere, på Dragvollkjellaren (Moholt studentby, blokk 11)! Dørene [...]