Referat DION-møte

Tid : 14.10.1998, kl.: 12.30 til 15.30

Stad : Marinteknisk senter, Tyholt.

Til stades : Nina Birkeland, Tove Schult, Arne Fredheim, Tor Kristian Jensen, Tom Reidar Henriksen, Jens Haugan, Rolf Jarle Aaberg.

Referent : Rolf Jarle Aaberg.

Sak 1: Svar på brev frå NTNU om oppmelding til eksamen for doktoringeniørkandidatar. Oppsummering av debatten: DION kan ikkje sjå at det vert meir effektivt for administrasjonen at kandidatane melder seg opp til eksamen kvart semester i høve til at ein registrerer alt på ein gong i starten av doktorgradsarbeidet. Registrering kvart semester må vel føre til meir arbeid både for den enkelte og for NTNU sin administrasjon? I staden vil DION foreslå at alle doktorgradskandidatar bør bli oppmeldt ein gong for alle, slik som doktoringeniørkandidatane vert no. I denne samanheng vil DION også foreslå at universitetet utarbeider ei ny ordning for å registrere doktorgradskandidatane som ikkje baserer seg på innbetalt semesteravgift. Vedtak: Tove skriv eit brev til NTNU med vårt svar innan 02.11.1998.

Sak 2: Høyringsuttaling om “Arbeidsbetingelser for doktorgradskandidater”.

Vedtak: Rolf Jarle formulerer høyringsuttalinga som deretter vert underskriven av ein eller fleire styrerepresentantar. (Sjå høyringuttalinga for detaljar.)

Sak 3: Gjennomgang av informasjonskriv til nye doktorgradskandidatar.

Vedtak: Tove redigerer skrivet ferdig og sender det med eit enkelt følgebrev til FUF for distribusjon via insitutta.

Sak 4: Innkalling til møte om utfyllande reglement for dr.ing/dr.scient gradane.

Vedtak: Vi skal lese gjennom frå FUF. Arne blir kontaktperson for kommentarar og for eventualt å rekrutere interesserte dr.ing/dr.scient kandidatar til å stille opp på møtet.

Sak 5: Referat frå møtet i Pi-net i Budapest.

Vedtak: Vi skal lese gjennom referatet frå Tom Reidar, og eventuelt kommentere det før det vert vidaresendt til FUF.

Sak 6: Oppdatering av heimeside. Saka vart utsett til neste møte.

Sak 7: Informasjon frå MAI på Oslo Universitet: Rolf Jarle sender eit svar.

Val til Kollegierådet:Bodil Aurstad frå HF og Hermundur Sigmundsson frå SVT stiller.

Sakene er elles tekne til etteretning.

Sak 8: Eventuelt.

Nina skal forsøke å finne ein ny DION-representant frå SVT-fakultetet.

Tor Kristian vil vurdere å stille som representant i SFU.

Neste møte 4. november på PFI-bygget, Gløshaugen. Klokka 9.00. (alternativt 12.30.)


Rolf Jarle Aaberg


14. oktober 1998.


Til møteplanen for 1998


E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 19.10.98