MØTE MED FUF 18.09.98

Svært kort referat ...

Tid:
Stad:
Til stades:
Fredag 18.09.1998, kl. 09.00/10.00-ca. 11.30
FUF sine lokale, hovubygget på Gløshaugen, 2. et., vestfløy
Trygve Sigholt (FUF), Gunn-Hege Jensen (FUF), Kolbjørn Tunstrøm (Samfundet), Trond Arne Undheim (Rådet for Samfunnsdebatt), Øyvind Thomassen (Senter for kultorforsking), Jens Haugan (DION)

FUF har blitt beden av Rektor om å sjå på tiltak for å kunne rekruttere fleire doktorgradskandidatar. Trygve Sigholt har teke kontakt med DION for å diskutere dette (jf. e-post). Ingen av styremedlemmane i DION (utan leiaren) hadde tida til å vere med på møtet med FUF, Jens bad derfor Rådet for Samfunnsdebatt, leiaren for Samfundet og leiaren for Senter for kulturforsking om å vere med på dette møtet.

Det blei diskutert mange strategiar for å rekruttere fleire kandidatar til doktorgradane ved NTNU. Dessverre har eg ikkje kapasitet til å komme inn på konkrete ting no ... Konklusjonen av møtet er, i alle fall frå dei inviterte si side, at FUF og NTNU bør søkje nærmare kontakt med studentane heilt ifrå byrjinga. Studentane med Samfundet som hjelpar og doktorgradskandidatane med DION som samlande organ vil gjerne vere med på å reklamere for doktorgradsutdanninga ved NTNU. Men det er viktig at det frå NTNU si side blir sett pris på det engasjementet som studentane viser. Ein bør komme tilbake til meir konkrete samtalar seinare.

Jens Haugan, DION


Til møteplanen for 1998


E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 22.09.98