DION - styremøte 16.09.98

Referat

Tid:
Stad:
Til stades:
Onsdag 16.09.1998, kl. 09.00-ca. 11.00
"arkitekt", Gløshaugen, sentralbygget, 12. et.
Siri Hunnes Blakstad, Anne Brekken, Arne Fredheim, Jens Haugan, Tom Henriksen, Trond Arne Undheim (til 10.30)

Tom Reidar Henriksen frå Institutt for Datateknikk og Informasjonsvitenskap (IDI) og Trond Arne Undheim frå Institutt for Sosiologi og Statsvitenskap (og Rådet for Samfunnsdebatt) er nye medlemmar av DION-styret og møtte for første gong.

1. Arbeidsvilkår for doktorgradskandidatar
DION har fått oversendt høyringsutkastet Arbeidsbetingelser for doktorgradskandidater frå Avdeling for fagleg utvikling og forsking (FUF). Høyringsfrist er 15. november. Alle styremedlemmane ser på notat til neste møte før DION skriv høyringskommentarar.
Det var komme inn nokre merknader til høyringsutkastet via e-post frå kandidatar ved SVT-fakultetet:
- industrifinansierte stipendiatar
- svangerskap
- utanlandsopphald
DION-styret diskuterte merknadene, men fann ikkje at nokon av desse trong å bli tekne omsyn til i høyringskommentarane frå DION. Eksternfinansierte doktorgradskandidatar blir så vidt diskuterte på side 5 i notatet, og Styret fann formuleringane rundt utanlandsopphald tilfredsstillande. Svangerskapspermisjon o.l. er regulert via Tenestemannslova og høyrer ikkje nødvendigvis heime i dette notatet.

2. Invitasjon til Postgraduates International Network Workshop i Ungarn
DION er invitert til å delta på eit internasjonalt arbeidsmøte for doktorgradskandidatar. DION var invitert i 1997 til å vere med på The First International Workshop of Postgraduate Students i Ungarn, men greidde ikkje å finne fram til nokon som ville eller kunne reise på det tidspunktet. No er DION altså invitert igjen saman med elleve andre doktorgradsorganisasjonar (3 frå Danmark og 1 frå Sverige - elles vil Sveits, Frankrike, New Zealand og Signapore vere representerte). Tom Reidar Henriksen er villig til å representere DION og NTNU på dette møtet. Tom høyrer med reisebyrået om prisar m.m., og DION søkjer om reisestøtte frå FUF.

3. Møtet med FUF, fredag 18.09.98
FUF har blitt beden av Rektor om å sjå på tiltak for å kunne rekruttere fleire doktorgradskandidatar. Trygve Sigholt har teke kontakt med DION for å diskutere dette (jf. e-post). Ingen av styremedlemmane i DION (utan leiaren) har tida til å vere med på møtet med FUF, Jens har derfor bede Rådet for Samfunnsdebatt, leiaren for Samfundet og leiaren for Senter for kulturforsking om å vere med på dette møtet. Rolf Jarle hadde dessutan sendt nokre kommentarar som ein kan diskutere på møtet.

4. Rådet for Samfunnsdebatt
Trond Arne Undheim orienterte om det nyoppstarta Rådet for Samfunnsdebatt. Rådet for Samfunnsdebatt arrangerer bl.a. kurs i kronikkskriving o.l., noko som på sikt skal føre til at doktorgradskandidatar og andre engasjerte folk ved NTNU blir meir synlege i media og i samfunnet forøvrig. DION diskutere elles debattmøtet på Samfundet den 12.09. og kontakten med næringslivet. DION ser fram til å få eit nært samarbeid med næringslivet og også Samfundet, og det er håp om at doktorgradskandidatane kan bli ei endå meir aktiv gruppe. DION vil komme tilbake til konkrete tiltak seinare.

5. Brev til KUF
Arne har skrive eit utkast til eit brev til KUF (jf. forrige styremøtet, pkt. 6. Styret diskuterte brevet og vart einig om at Arne skulle sende det etter endringane/rettingane som vart gjort på møtet.

6. Forskingsutvalet for teknologi og naturvitskap (FUTN)
Siri orienterte om at framtida for FUTN var usikker. DION stiller seg avventande.

7. Rekruttering til DION
DION er nøydd til å rekruttere nye folk til Styret (cf. forrige styremøte pkt. 2). Teksten som Jens sende til Universitetsavisa, forsvann blant "Kunngjøringer", og det er ikkje sikkert at meldinga nådde ut til så mange. På møtet i dag var det to nye personar (Tom og Trond Arne), og det er håp om det kan bli fleire frå Gløshaugen (DION-ODIS). Det vart diskutert om ein skal gå bort frå den inndelinga som DION har i dag og heller satse på engasjerte kandidatar det same kva miljø dei kom frå. Det er likevel eit mål at DION skal vere representert på dei fleste stadene i NTNU-miljøet.

Eventuelt
Siri orienterte om konsekvensen av at doktorgradskandidatane har fått meir lønn. Dette vil føre til at det blir færre stipendiatstillingar fordi NFR og andre ikkje får meir pengar. Jens kunne likevel opplyse om at NFR skal 50 stipend ekstra, sjølv om desse stipenda er avgrensa til spesielle fagområde. DION meiner elles at kvalitet er betre enn kvantitet.

Neste møte: onsdag 14.10.98, kl. 09.00 på Tyholt. Arne har ansvaret.

Jens Haugan, DION


Til møteplanen for 1998


E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 22.09.98