Referat frå møte i Samskipnadsrådet, 25. Mai 1998, Kringsjå kurssenter, Oslo.

Tilstades: Representantar frå alle studentsamskipnadane i Norge, representantar frå KUF, for DION: Rolf Jarle Aaberg.

‘Forslag til forskrifter til samskipnadsloven’ var ei av tre saker på møtet i Samskipnadsrådet. På grunn av ei endring i programmet vart denne saka sett opp til slutt og underteikna hadde dermed ikkje høve til å vere tilstades. Synspunkta til DION vart presentert i nokon grad av Per Ivar Maudal frå Studentsamskipnaden i Trondheim under sakshandsaminga.

Underteikna fekk likevel høve til å legge fram våre synspunkt for Trond Bakke i sekretariatet til Samskipnadsrådet og May-Britt Andersen frå KUF. Begge var interessert i å høyre våre argument.

Eg avtalte med Bakke å sende eit brev med våre argument, slik at sekretariatet i Samskipnadsrådet kan ta hensyn til vårt syn i den endelege utforminga av høyringsuttalen.

Andersen ønskte at vi sende våre synspunkt som ein høyringsuttale til departementet, sjølvom vi ikkje står på høyringslista.

Referent: Rolf Jarle Aaberg


Brevet til Samskipnadsrådet, 27.05.98

Til møteplanen for 1998


E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 27.05.98