Referat fra møtet med STi og NSU - 19.05.98
Stad: Kantina på Dragvoll
Tid: Onsdag 19. mai, 1998, 10.30 - 11.30
Til stades:Håvard Ravn Ottesen (leiar for Studenttinget), Bjørn By (nestleiar), David Baum (påtroppande leiar for NSU), Ove Rekstad (påtroppande nestleiar), Jens Haugan (leiar for DION)

Sidan påtroppande leiar for Norsk Studentunion (NSU), David Baum, var i Trondheim, ønskte han eit møte med DION for å tale om Nye forskrifter til lov om studentsamskipnader - høringsutkast fra Kirke-, Utdannings- og Forskningsdepartementet. Det blei derfor eit kort og uformelt møte på Dragvoll.

Det er heilt klart at KUF ikkje har sett seg inn i situasjonen til dei ulike typane doktorgradskandidatar og stipendiatar. Bl.a. blir det ikkje skilt godt nok mellom doktorgradskandidatar og stipendiatar, jf. definisjonen i høyringsutkastet:

Doktorgradsstudenter regnes ikke som studenter etter forskriften.
Stipendiater er ansatte ved institusjonen og er etter denne forskrift ikke å regne som studenter.

Legg òg merke til: Doktorgradsstudenter regnes ikke som studenter etter forskriften..
DION sitt forslag på ein definisjon av doktorgradskandidatar i denne samanhengen er:

Kandidater innen den organiserte doktorgradsutdanningen er å regne på lik linje med fulltidsstudenter etter denne forskriften. Stipendiater utenfor den organiserte doktorgradsutdanningen er ikke å regne som studenter etter denne forskrift.

NSU, Studenttinget i Trondheim og DION var einige om at det var viktig å ha ein politikk som la vekt på samarbeid og dialog. Alle møtedeltakarane var også einige om at ein måtte komme fram til ei ordning der doktorgradskandidatane ikkje blei definerte som studentar lenger, men at dei likevel skulle få høve til å knytte seg til studentsamskipnaden. Jens Haugan la bl.a. fram ein del argument for korfor doktorgradskandidatane bør vere vere medlemmar av studentsamskipnaden (jf. DION si "argumentasjonsliste").

Det blei elles understreka at NSU og Studenttinget på den eine sida og DION på den andre sida hadde ein del felles interesser når det gjeld studentvelferd og studiekvalitet.

DION ser det bl.a. som sin oppgåve å tilretteleggje for at studentar blir interesserte i å ta ein doktorgrad, og at dei får tilstrekkeleg med informasjon, slik at ein veit kva som ventar ein.

NSU og Studenttinget la bl.a. vekt på at dårlegare rekrutteringsgrunnlag til doktorgradane på sikt vil føre til dårlegare undervisning for studentane.

DION er invitert til å delta på eit møte for studentsamskipnadane i Oslo den 29. mai.


Referent

Jens Haugan


Til møteplanen for 1998


E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 20.05.98