Doktorgradskandidatanes
interesseorganisasjon
ved NTNU

e-post:
DION@stud.ntnu.no
heimeside: http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/DION.html
v/ stip. Jens Haugan
Institutt for nordistikk
og litteraturvitskap
(INL)

NTNU, 7055 DRAGVOLL
tlf. (73 5) 9 83 03
e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no


Vår dato:
27.04.98
Vår ref.:
Deres dato:
Deres ref.:

Referat frå det nasjonale doktorgradsmøtet ved NTNU, 17.04.98

Stad: Møterom 3415, Dragvoll, NTNU Trondheim

Tid: Fredag, 17.04.98, kl. 11.00-15.00

Til stades:
Frå universiteta i Oslo (UiO), Bergen (UiB) og Tromsø (UiTø):
Gerd Nilsen med dotter Anita (UiTø), Roswitha Skare (UiTø), Dagmar Bendt (UiB), Daniel Cejka (UiB), Nils Reinton (UiO)
Frå Doktorgradskandidatane sin interesseorganisasjon ved NTNU (DION):
Anne Brekken (DION-KB/FIM), Gunhild Setten (DION-SVT), Rolf Jarle Aaberg (DION-ODIS), Jens Haugan (DION-HF, leiar for DION).

1. Bakgrunnen for møtet
DION blei stifta den 29.02.96. Planane om å ta kontakt med doktorgradskandidatane frå universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø blei drøfta på eit arbeidsutvalsmøte i DION så tidleg som den 25.04.96, og planene blei presenterte for NTNU-leiinga i ein søknad om finansiell støtte til DION den 29.05.96. NTNU si avdeling for fagleg utvikling og forsking (FUF) har heilt ifrå byrjinga stilt seg positiv til DION sitt arbeid, og FUF har alltid vore ein tolmodig og interessert samtalepartnar.

I utgangspunktet var det meininga å få impulsar frå dei andre doktorgradsmiljøa i Noreg for å få hjelp i organiseringa av den nyoppstarta interesseorganisasjonen i Trondheim, men det blei etter kvart klart at det ikkje fanst nokon tilsvarande organisasjonar ved dei andre universiteta. Sidan DION hadde meir enn nok å gjere med å konsolidere seg sjølv og ta opp NTNU-interne saker, har det derfor ikkje komme til noko offisielt nasjonalt møte før no. Men det har gjennom dei to åra DION har eksistert, heilt klart vore eit sakn å ikkje ha andre doktorgradsorganisasjonar å samarbeide med.

I 1997 hadde DION ved fleire høve kontakt med Forskarforbundet (sjå møtereferata av 28.04.97, 27.08.97 og 25.11.97 på http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/moete/moete-97/moete-97.html). I samarbeid med Forskarforbundet blei det mogleg å arrangere eit møte i Oslo den 25.11.97 mellom doktorgradskandidatar frå dei fire universiteta. Det var på dette møtet det kom fram at doktorgradskandidatane ved universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø også såg eit behov for ein interesseorganisasjon og at dei ønskte hjelp med å komme i gang. Etter at DION har blitt omtalt i artiklar i både Forskerforum 3/98 (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/gen-info/de-unge.html) og i Teknisk Ukeblad 12/98 (http://www.sol.no/tu/artikler/1998/12/guls1/guls1.htmll), kan ein dessutan rekne med at mange fleire doktorgradskandidatar har byrja å interessere seg for ideen om ein lokal eller nasjonal doktorgradsorganisasjon.

2. Møteinnkallinga
"Utvalet" av doktorgradskandidatar til det nasjonale møtet var først og fremst basert på kontakten som blei etablert på møtet i Oslo den 25.11.97 (s.o.). Nokre av kandidatane som var i Oslo, var komne så langt at dei ikkje ønskte å engasjere seg i å byggje opp ein eigen interesseorganisasjon. Men gjennom desse kandidatane var det mogleg å få tak i andre engasjerte personar som var interesserte i å komme til NTNU for å høyre om DION sitt arbeid. Pga. av organisatoriske problem "mista" ein dessverre éin kandidat frå Oslo, men alle universiteta var representerte på møtet. DION stilte med fire representantar frå Styret (nokre representantar måtte melde fråfall). Det nasjonale doktorgradsmøtet ved NTNU representerte svært ulike fagområde som t.d. medisin, mikrobiologi, kjemi, teknisk elektrokjemi, geografi, tysk og nordisk språk og litteratur.

DION har fleire gonger diskutert om ein også burde ha invitert doktorgradskandidatar frå høgskolane (jf. t.d. DION sitt styremøte 04.03.98 - http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/moete/moete-98/ 040398ref.html). Det blei derimot klart at det ville vere urealistisk og organisatorisk vanskeleg der og då. DION ønskjer likevel å ta kontakt med doktorgradskandidatane ved høgskolane på eit seinare tidspunkt - gjerne i samarbeid med evenutelle nye doktorgradsorganisasjonar.

3. DION si historie
Jens Haugan orienterte om DION si historie, dvs. frå dei første "personlege" erfaringane som ny doktogradskandidat i 1995 til eit felles engasjement frå fleire doktorgradskandidatar ved NTNU for å organisere seg, noko som resulterte i stiftingsmøtet for DION den 29.02.96. "Drivkrafta" bak tanken om DION var ønsket om å betre arbeidsforholda for doktorgradskandidatane ved NTNU og å skape meir trivsel å samhøyrsle blant doktorgradskandidatane. DION har heilt ifrå oppstarten blitt støtta av NTNU og føler seg som regel meir som ein medspelar enn ein motspelar.

Vedtektene for DION (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/vedtekter.html) blei presenterte for å gje eit inntrykk av korleis ein kan byrje oppbygginga av ein interesseorganisasjon (sjølv om vedtektene ikkje har blitt tilpassa utviklinga sidan oppstarten av DION).

Ein gjennomgang av DION-styret si samansetning (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/styre-98.html) viste korleis ein ved NTNU prøver å ta vare på dei ulike fagmiljøa blant doktorgradskandidatane. Ein kan sjølvsagt aldri ha alle fagmiljøa representerte i eit styre, men det er likevel viktig å ha kontaktpersonar frå fleire miljø. Arbeidet i DION har vist at doktorgradskandidatar som yrkesgruppe har meir felles enn dei ulike fagområda skulle tilseie.

Innlegget om doktorgradskandidatar som yrkesgruppe i Universitetsavisa 15/97 (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/gen-info/media/uni161097.html) illustrerer DION sin innsats for å synleggjere doktorgradskandidatane. Eit slikt initiativ treng sjølvsagt å følgjast opp nasjonalt.

Ein diskuterte også nokre punkt frå Jens Haugan sitt skriv til Årsmøtet for DION: "DION - refleksjonar og visjonar" (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/saker/1998/visjon98.html). Dette skrivet tek bl.a. opp ein del konkrete sider ved doktorgradskandidatane sin arbeidssituasjon. Der blei det også skissert ein idé om ein nasjonal doktorgradsorganisasjon med hovudsete ved NTNU.

Til slutt under dette punktet blei det delt ut utskrifter av DION sine aktivitetar i 1996, 1997 og 1998 (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/aar.html) for å gje eit inntrykk av kva ein kan vente seg av ein interesseorganisasjon for doktorgradskandidatar.

4. Konkrete saker
Etter lunsjen starta Rolf Jarle Aaberg med å orientere om konkrete saker som DION har engasjert seg i.

DION har bl.a. blitt intervjua av Teknisk Ukeblad 12/98 (sjå: http://www.sol.no/tu/artikler/1998/12/guls1/guls1.htmll), der DION ytra ønsket om å få tilbake rentefritaket som doktorgradskandidatane mista i 1995. DION meiner at dette er ein mykje meir realistisk lønnspolitikk enn å krevje høgare lønn. DION har òg hatt eit møte med Forskarforbundet (representert ved Forskarforeininga ved NTNU) og Norske Sivilingeniørers Forening (NIF) om dette (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/moete/moete-98/190398ref.html).

DION har laga eit lite informasjonsskriv med nyttige opplysningar som blei sendt ut til alle doktorgradskandidatane ved NTNU i januar/februar 1998: "Velkommen som doktorgradskandidat" (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/gen-info/velkommen.html). I dette skrivet får spesielt nye kandidatar vite ein del ting som gjerne blir "gløymde" eller tekne for gjevne. Men utifrå tilbakemeldingane som DION har fått, ser ein at det også er fleire ting som "erfarne" doktorgradskandidatar ikkje veit om.

Ei anna viktig sak for DION er statusspørsmålet. DION meiner at doktorgradskandidatane først og fremst er arbeidstakarar (jf. "Doktorgradskandidatar som yrkesgruppe", Universitetsavisa 15/97 (http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/gen-info/media/uni161097.html). Universitetet i Oslo har teke eit offisielt standpunkt i dette spørsmålet (sjølv om UiO ikkje har teke alle konsekvensane av det), og DION ønskjer at også NTNU vil ta eit offisielt standpunkt. I januar 1998 blei det oppretta ei arbeidsgruppe ved NTNU som bl.a. skal sjå på statusspørsmålet.

Representasjon av doktorgradskandidatar i ulike universitetsorgan er òg knytta til spørsmålet om kva for ein status doktorgradskandidatane har ved NTNU. I nokre organ kan ein stille som doktorgradskandidat, i andre som mellombels tilsett, og nokre "typar" doktorgradskandidatar kan visstnok berre stille som "studentar". DION ønskjer at doktorgradskandidatar blir representerte som doktorgradskandidatar - uavhengig av tilsettingsforhold - i dei organa der det er naturleg.

Eit problem knytta til universitetspolitisk arbeid er spørsmålet om kompensasjon for arbeidsinnsatsen. Per i dag er det relativt greitt å trekkje bruka tid frå "pliktarbeidsdelen" - for dei doktorgradskandidatane som har pliktarbeid. På den andre sida finst det mange doktorgradskandidatar som ikkje har pliktarbeid. DION ønskjer at desse kandidatane får kompensasjon i form av forlenga stipendperiode. Det er i alle fall ikkje nokon god politikk å berre la doktorgradskandidatar med pliktarbeid sitje i råd og utval. DION har hatt ein del brevveksling med administrasjonen om denne saka utan å ha komme fram til ei endeleg og tilfredsstillande løysing. Temaet skal nok også behandlast av arbeidsgruppa som ser på arbeidsvilkåra for doktorgradskandidatane ved NTNU.

5. Motivasjonen til doktorgradskandidatane frå Oslo, Bergen og Tromsø
Eit viktig spørsmål på møtet var sjølvsagt korfor den enkelte doktorgradskandidaten valde å ta turen til Trondheim for å høyre på DION. Det kom generelt fram at ein organisasjon som DION ser ut til å vere eit "lovande" prosjekt som også skulle fungere ved dei andre universiteta. Alle var sjølvsagt nysgjerrige på korleis DION har oppstått og kva som var "innhaldet" i organisasjonen. Mens nokre var "direkte" interesserte, var det nokon som først og fremst kom til Trondheim fordi det var vanskeleg å finne andre som ville dra. Dette er eit typisk problem for alt utvalsarbeid som involverer doktorgradskandidatar: mange er redde for å bli valde inn i noko eller å måtte ta på seg arbeid. Det er openbert at slike problem kan løysast med klare kompensasjonsordningar, slik at ein veit kva ein "får igjen". Dei som var komne til NTNU for å høyre om DION, var i alle fall interesserte i å engasjere seg på vegner av doktorgradskandidatane ved sine respektive universitet.

6. Framtidig arbeid/samarbeid
Kandidatane i Trømsø ville ta kontakt med forskingsavdelinga for å få dei til å lage ein velkomstbrosjyre for nye doktorgradskandidatar.

I Bergen har HF-fakultetet visstnok byrja å arbeide med ein "handlingsplan for forskarutdanninga". Det kan verke som om denne planen også omfattar ein mogleg doktorgradsorganisasjon.

Det skal arrangerast møte ved alle universiteta. Truleg treng ein nokre overskrift/tema som trekkplaster for å engasjere doktorgradskandidatane. Lønns- og arbeidsvilkår er eit sjølvsagt tema, særleg pliktarbeid og uklare avtalar bør kunne trekkje ein del folk. Det er mogleg at artiklane i Forskerforum og Teknisk Ukeblad kan brukast til å informere om doktorgradskandidatane som yrkesgruppe og deira felles interesser. Elles kan ein sjølvsagt vise til DION si heimeside http://www.hf.ntnu.no/nor/jenshau/DION/DION.html. Dersom det kjem ein interessant artikkel i Universitetsavisa ved NTNU, skal denne sendast til dei respektive universitetsavisene i Oslo, Bergen og Tromsø. Kanskje artikkelen blir referert der; universitetsavisredaksjonane skal også få dette møtereferatet. Referatet kan elles også distribuerast til dei ulike forskingsutvala og alle instansane som har med doktorgradskandidatar å gjere.

DION vil etter kvart prøve å opprette ei landsdekkjande e-postliste, dvs. ei liste der doktorgradskandidatar frå alle universiteta og høgskolane kan skrive seg på, slik at ein kan diskutere felles problem og utveksle erfaringar. Lokalt bør det opprettast liknande diskusjonslister, anten fakultetsvis eller for alle doktorgradskandidatane ved det aktuelle universitetet.

Lokale møte vil vise om det er interesse for eigne interesseorganisasjonar i Oslo, Bergen og Tromsø, eller om ein bør satse på ein landsdekkjande organisasjon (t.d. DIN - Doktorgradskandidatane sin interesseorganisasjon i Noreg). Møtedeltakarane held kontakten via e-post, og vidare samarbeid blir aktuelt etter kvart som det skjer konkrete ting ved dei ulike universiteta.


Referent Jens Haugan
DION, NTNU

PS: Ein artikkel om dette møtet er trykt i Universitetsavisa 7/98, s. 10 (http://www.ntnu.no/universitetsavisa/0798/dion.htmll)



Til møteplanen for 1998

E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 27.04.98