Referat frå møtet med Forskarforeininga ved NTNU og NIF - 19.03.98

Tid: Torsdag 19. mars 1998, kl. 15.00-16.15
Stad: Møterommet i kjemiblokk V, 2. et., Gløshaugen

Til stades:
Frå Forskarforeininga ved NTNU: Karin-Helen Hognestad og Svein Kristiansen
Frå NIF: Edd Blekkan
Frå DION: Nina Birkeland, Anne Brekken, Oluf Bøckman, Jens Haugan, Tove Schult, Rolf Jarle Aaberg

DION hadde bede om eit møte med Forskarforeininga/Forskarforbundet og NIF for å sikre at stipendiatpolitikken til fagforeiningane tok utgangspunkt i ønska til doktorgradskandidatane.

DION la vekt på at ein skulle satse på ein "realistisk" lønnspolitikk, med dette meiner vi at det er meir realistisk å få tilbake rentefritaket under stipendiatperioden enn å få ei lønnsauke som ville gje like stor uttelling. Dette tyder sjølvsagt ikkje at ein ikkje skal arbeide for høgare lønn generelt. DION meiner det er viktig å ha ei prioriteringsliste der rentefritaket burde stå øvst.

Forskarforeininga tok elles opp spørsmålet om lønnsplassering og ansiennitet. Det vart diskutert om det ville vere betre med lønnsramme enn med det systemet vi har no der det er få moglegheiter til å få uttelling for tidlegare arbeid.

Ein diskuterte dessutan lønnspolitikken som eit rekrutteringstiltak. Skal det vere mogleg å tilby doktorgradskandidatar frå fagområde med dårleg rekruttering høgare lønn å betre vilkår? Skal enkelte fagområde generelt få betre betalt, slik det er elles i næringslivet?

Både forskarforeininga og NIF var innstilte på å vere meir opne og aktive overfor doktorgradskandidatane i framtida.

Jens Haugan


Til møteplanen for 1998


E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 20.03.98