Styremøtereferat

Tid: Onsdag 04. mars1998, kl. 09.00-10.45
Stad: Møterommet til INL, Dragvoll

Til stades: Anne Brekken, Arne Fredheim, Jens Haugan, Tove Schult, Rolf Jarle Aaberg

Sak 1. E-postlista / heimesida
DION vil prøve å utvide adressa DION@stud.ntnu.no til å bli ei e-postliste for alle doktorgradskandidatane, slik at vi får eit større diskusjonsforum.
Det vart òg diskutert korleis ein best kan halde orden på heimesidene til DION. Antakeleg må ein vente til at det kjem ein styremedlem med særleg datainteresse.

Sak 2. Velkomstbrevet
Det ser ut til at DION sitt velkomstbrev ikkje har komme fram til fakultet for kjemi og biologi. Rolf Jarle prøver å finne ut kva som har skjedd.

Sak 3. Nasjonalt møte for doktorgradskandidatar
Det har vore svært vanskeleg å finne representantar frå Bergen, og møtet har blitt utsett to gonger. No er datoen sett til 17.04.98, kl. 10.30, uavhengig av om det kjem folk frå Bergen.
Det vart diskutert om ein skulle invitere kandidatar frå høgskolane til dette møtet, men DION skal heller prøve å arrangere eit liknande møte for desse kandidatane seinare.

Sak 4. Medisin
DION har ikkje lenger nokon representantar frå medisin. Jens tek kontakt med Hans Thore Smedbold (tidlegare styremedlem) for å finne ut om det skjer noko.

Sak 5. Orientering om artikkel i Forskerforum
Ein journalist frå Forskarforbundet intervjua Jens via telefon. Artikkelen blir trykt i Forskerforum 3/98.

Sak 6. NIF
NIF ønskjer ein kontaktperson i DION. Tove Schult blei vald.

Sak 7. Arbeidsvilkår for doktorgradskandidatane
Hilde-Gunn Jensen har skrive eit diskusjonsgrunnlag for statusspørsmålet. Styret diskuterte dette og fann mange gode utgangspunkt der.

Sak 8. Høgare lønn eller rentefritak?
Rolf Jarle har sendt ut førespurnad til 8-10 doktorgradskandidatar med førespurnad om dei ville føretrekkje høgare lønn eller rentefritak. Det kom berre fem svar, og reaksjonane var svært blanda.
Styret diskuterte om ein burde arbeide mot gjeninnføring av rentefritak i staden for ettergjeving av studielån. Dette spørsmålet blir viktig når DION skal samarbeide med fagorganisasjonane.
DION skal ha eit møte med representane frå NIF og Forskarforbundet den 19.03.98. Tove tek kontakt med desse.
Det vart elles diskutert om ein burde få lønn etter ansiennitet. Spørsmålet har vore oppe før, og det viser seg å vere like vanskeleg no som før ...

Eventuelt
- Anne orienterte om at rettleiarane på Kjemisk institutt har alt ansvaret for å ta imot nye doktorgradskandidatar, dette gjeld også praktiske ting. Det er ikkje sikkert at systemet er noko særleg "ryddig".
- Anne orienterte om helseproblem i samband med stress. Styret ventar på meir informasjon for å sjå om ein burde lage ei sak ut av dette.

Neste møte (saman med NIF og Forskarforbundet) 19.03.98

Referent: Jens Haugan


Til møteplanen for 1998


E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 11.03.98