Oppsummering av møte med etatstyre for NTNU i
    Norske Sivilingeniørers Forening (NIF).


    Tidspunkt: 17.02.98, kl. 11.30, Sentralbygg 1, 11. etasje, Gløshaugen
    Tilstades: Tre representantar for NIF etatstyre Magnar Hole, Edd Blekkan, ??, Rolf Jarle Aaberg (DION).


    RJA presenterte DION sine arbeidsområde, særleg med hensyn på -
    · Alle doktorgradskandidatar bør ha like rettar og plikter.
    · Betre og meir likeverdige arbeidsforhold på lokalt NTNU.BR> · Status som arbeidstakar.
    · Statens lånekasse for utdanning må brukast som eit instrument i doktorgrads-rekrutteringa.
    · Rett til arbeidsløysetrygd ved bortfall/slutt på stipend.
    · Kontakten med Forskerforbundet

    Av dette ville NIF særleg bistå i arbeidet for å betre dei økonomiske vilkåra for doktorkandidatane. Etatstyret trur det er mogleg at betre lønnsforhold og særordningar i forhold til lånekassa kan bli ein del av grunnlaget for lønnsforhandlingane. Etatstyre vil sende brev til NIF sentralt (og Akademikerne) om dette.

    NIF har forståing for problema og frustrasjonen ved at doktorkandidatane vert definert som studentar og arbeidstakarar om ein annan.


    NIF ønskjer at DION vurderer:
    · Differensiert lønn til doktorgradskandidatar?
    · Korleis skal stipendet disponerast dersom kandidaten er ferdig før tidsfristen -sparken eller post.doc.?
    · NIF ønskjer ein fast kontaktperson i DION.


    Rolf Jarle Aaberg


Til møteplanen for 1998


E-post til
DION@stud.ntnu.no

TIL

e-post: Jens.Haugan@hf.ntnu.no - sida vart endra sist den: 18.02.98