REFERAT FRÅ STYREMØTET 05.11.97

Sjå sakslista til dette møtet på innkallinga.

Referat DION styremøte, ondag 17. desember, kl. 09.00 i Jarlevegen 4.

Til stades: Are Osen, Anne Brekken, Jens Haugan, Rolf Jarle Aaberg, Britt Dalen Laux. Rune Tønnesen kom til sak 3 og 9. Are var til stades under sak 1 - 2 og 4 - 6.

Referent: Rolf Jarle Aaberg vart vald.

Saklista vart godkjend med desse endringane: Sak 4 handsama under sak 1. Sak 3 handsama etter sak 8.

1) Statusen til doktorkandidatane. Gjennomgang av dokumentet ‘Status og framtid for doktorgradskandidatane ved NTNU’. Mindre endringar i teksten. Vedtak: Dokumentet skal sendast til Avdeling for fagleg utvikling og forsking og Orgut, helst før jul. I eit følgebrev bed vi om å møte representantar for administrasjonen snarast for å diskutere korleis forslaga kan setjast ut i livet. (Ansvarleg Rolf Jarle)

Jens tek kontakt med juristane på NTNU sin administrasjon for å diskutere eventuelle juridiske problem omkring endringsforslaga som er nemnt i dokumentet.

2) Informasjonskriv til nye doktorgradskandidatar. Debatt: Informasjonen bør kome gjennom to kanalar. Teknisk og administrativ informasjon via fakultet-intitutt-avdelingstrukturen etter modell frå HF-fakultetet og i tillegg eit skriv frå DION der kandidaten blir gjort oppmerksam på spesielle spørsmål eller begrep som bør avklarast. Vedtak: DION sender brev til Orgut der vi oppfordrar om at alle avdelingar ved NTNU deler ut ein info-foldar a la HF til sine nytilsette. Skrivet ‘Velkommen som doktorgradskandidat’, etter mindre endringar i teksten, vert distribuert til alle doktorkandidatar ved NTNU, og i framtida til alle nye doktorkandidatar. (Ansvarleg Britt og Anne)

3) Etter sak 8).

4) Under sak 1).

5) Jens orienterte.

6) Møte med doktorkandidatar frå dei andre universiteta (Oslo, Bergen og Tromsø). Vedtak: Møte tidspunkt 30. januar på Dragvoll. Jens skal søkje om midlar til å dekke reisekostnader og middag for dei tilreisande representantane. Doktorkandidatar frå andre høgskular med vert invitert seinare.

7) Årsmøte. Vedtak: 18. februar kl. 14.00 på Gløshaugen. Rolf Jarle skaffar rom.

8) Underavdelingane til DION held årsmøte før 18. februar. Lagar ein oversikt over årets aktivitet og rapporterer til DION styret.

3) Rune orienterte om overgangen frå Sintef-B til NTNU og allmøte om denne saka på Gløshaugen den 12.12.97. Ang. tap av pensjonspoeng: Ein kan søkje individuelt om å stå i den ordninga ein ønskjer (for å vere tilsett lenger en tre år og ikkje tape pensjonspoeng). Rune skriv brev til NTNU-direktøren og bed om at det vert informert om høvet til unntak og korleis ein kan søkje om dette.

9) Eventuelt:

- Rune: Er det mogleg å bruke datoen for søknad til doktorgradsprogrammet som utgangspunkt for rentefrifak hos lånekassa? Med tilbakevirkande kraft?

Vedtak: Vi utformar eit skriv til juristane ved administrasjonen for å vurdere dette. (På neste møte?)

- Hugs å legge ut tydeleg referanse til saksdokument på saklista!

- Neste møte: Onsdag 21. januar, kl. 09.00 på Statoil, Rotvoll.


DION
Last modified: Tue Nov 11 13:37:02 MET 1997