REFERAT FRÅ MØTET MED
FORSKARFORBUNDET
25.11.97



Referat frå møtet med Forskarforbundet
(mellombels: namna på deltakarane er ikkje "sjekka" enno)

Tid: Tysdag 25.11.97, kl. 12.00-15.40
Stad: Oslo; Tollbugata 35 (AF sine lokale)
Til stades frå DION: Bodil Aurstad og Jens Haugan (begge HF)
andre doktorgradskandidatar: Brita Strand Rangnes (Tromsø), Roy Dragseth (Tromsø), Kjell Arne Johanson (Bergen), Nils Reinton (Oslo), Jo Saglie (Oslo)
Hovudtillitsvald v/ universitetet i Oslo: Astri Ottesen
Fra Forskarforbundet: Joar Flynn Jensen, organisasjonskonsulent

1. Innleiing
Forskarforbundet inviterte doktorgradskandidatar frå dei fire universiteta etter at DION hadde teke kontakt med Forskarforbundet (sjå møtereferata 28.04.97; 22.05.97, pkt. 5; 19.06.97, pkt. 1 og 27.08.97. På møtet med informasjonskonsulent Jan Glendrange den 27.08.97 blei det føreslått å samle nokre doktorgradskandidatar til samtale for å kartleggje behova frå doktorgradskandidatane si side. Forskarforbundet tok på seg å arrangere eit slikt møte.

Utanom invitasjonen av representantar frå DION i Trondheim verka invitasjoen av doktorgradskandidatatar litt tilfeldig, noko som bl.a. kom av at doktorgradskandidatane ved dei andre universiteta ikkje har eigne organisasjonar.

Forskarforbundet trur at medieoppmerksamheita rundt arbeidsløyseproblematikken hadde ført til ei auka interesse for Forskarforbundet hos doktorgradskandidatane. Doktorgradskandidatane sjølve følte kanskje at denne debatten hadde føregått mest innanfor eigne organ, mens riksavisene ikkje har vore involverte. (DION har teke opp spørsmålet om arbeidsløyse fleire gonger i 1996 og 1997, sjå t.d. òg det DION har samla om arbeidsløyse.
[det kan føyast til at DION prøvde å komme med i forhandlingane då vi fekk vite at Forskarforbundet og Arbeidsdirektoratet skulle møtast, men dette viste seg å vere vanskeleg (jf. årsmøtet 06.02.97, pkt. 3].

2. Presentasjon av Forskarforbundet
Joar Flynn Jensen orienterte om oppbygninga av Forskarforbundet og det politiske programmet.

A. Forskarforbundet som organisasjon
FF er landets største fagorganisasjon for forskarar med over 10.000 medlemmar grupperte i 64 medlemsforeiningar. 1/3 ved universiteta, 1/3 ved høgskolane og 1/3 ved forskingsinstitutt.
Foreiningane melder seg inn i Forskarforbundet. Per i dag er det visst 44 arbeidsplassforeiningar og 16 landsomfattande foreiningar
Forskarforbundet planlegg å omorganisere strukturen i 1999 ved at det skal bli berre lokallag, dvs. at Forskarforbundet har direkte kontakt med lokallaga og omvendt.
Medlemsmengda er i dag fordelt: 88% statleg, 7% privat og 5% kommunal.

B. Serviceorganisasjon
- bistand ved arbeidsforhold, tilsetting ...
- konferansar, seminar om forskings- og utdanningspolitikk ...
- kurs for tillitsvalde
- utgreiingar & publikasjonar
- Gjensidige Bank/Forskikring
- Forskarforum (no 10 gonger i året istf. 6)

C. Interesseorganisasjon
- betre rammevilkår
- bygg/utstyr/drift ...
- til til forsking
- kompetanseutvikling
- rekruttering
- opprykksmoglegheiter
- likestilling

D. Fagforeining
- betre lønn/arbeidsvilkår ...
- lønnsforhold stat/kommune/privat ...
- lokal forhandlingsrett
- forhandling, lobbyverksemd, internt i AF ...

E. Stipendiatpolitikk
(jf. utdelt ark)
- høgare lønn (275.000.-)
- studiefinansiering
- arbeidsløysetrygd
- betre fullføringsstipend
- fleire stipendiatstillingar
- post doc-stillingar
- betre annum (bl.a. utanlandsopphald)

Lønnspolitikk: Forskarforbundet brukar omgrepet LPO (lønnspolitisk offensiv) [sjå forresten òg Forskarforbundet si eiga skriftserie: Forskerforbundets lønnskrav - statssektoren 3/97]. Lønna til doktorgradskandidatane bør ta omsyn til at gjennomsnittleg lønnsauke i statleg sektor er 7% per år. Alle med hovudfag bør derfor tene minst 250.000.-. I og med at ein ligg litt over hovudfagsnivå når ein held på med ein doktorgrad, bør lønna altså liggje litt over det. Forskarforbundet hevdar å ha forhandla fram høgare stipendiatlønn på 80-talet, men LO sin solidaritetspolitikk med lønnsutjamning har ført til ei komprimering, dvs. professorlønningane er for låge og ligg som eit lokk over lønningane til doktorgradskandidatar og 1.aman. Professorar og førsteamanuensar har vore prioriterte ved dei siste forhandlingane. Forskarforbundet kjem no til å satse på doktorgradskandidatane.

3. Diskusjon
Formålet med møtet var først og fremst å komme fram til strategiar som ville føre til at fleire melde seg inn i Forskarforbundet. Generelt kan ein seie at det skriftlege informasjonsmaterialet frå Forskarforbundet er av høg kvalitet, men det ser ikkje ut til at det når ut til doktorgradskandidatane. Doktorgradskandidatane etterlyser ein meir oppsøkjande politikk frå Forskarforbundet. Dei fleste kunne fortelje at dei måtte jobbe ein del med å finne ut korleis dei skulle komme i kontakt med Forskarforbundet for å melde seg inn. Ideelt sett bør alle doktorgradskandidatane få informasjon om Forskarforbundet allereie ved tilsettinga/oppstarten av stipendiatperioden. I og med at det først og fremst er to store opptak ved universiteta kvart år (Forskingsrådsstipendiatar og universitetsstipendiatar), bør det ikkje vere så vanskeleg å få distribuert informasjonen. DION har t.d. i møte med HF-fakultetet i Trondheim komme fram til ein informasjonsbrosjyre som alle doktorgradskandidatane skal få ved tilsettinga. I denne brosjyren blir det òg opplyst om DION (som i sin tur kan vere eit kontaktorgan mot Forskarforbundet). Diskusjonen viste at mykje av innsatsen for betre arbeidsforhold må skje lokalt. Det ville vere vanskeleg å komme fram til nasjonale retningslinjer for alle doktorgradskandidatane, men dersom ein lokalt kunne komme fram til gode ordningar, ville det vere rimeleg at konkurransen mellom universiteta på sikt ville føre til betre arbeidsforhold for alle. Eit problem med arbeidsforholda til doktorgradskandidatane er bl.a. at dr.kand. ikkje er organiserte i eigne organisasjonar (utan ved NTNU), dvs. ein får ikkje konkretisert problema, og ein kan vanskeleg oppnå betring dersom den enkelte trur at han er åleine. Alle universiteta (og høgskolane) bør ha lokale interesseforeiningar for doktorgradskandidatar som fungerer som talerør i forhold til arbeidsplassen og fagorganisasjonen. Dette føresett bl.a. òg at Forskarforbundet blir meir synleg i miljøet. Doktorgradskandidatane må òg i større grad få vere med i diskusjonar som gjeld utforminga av politikken til Forskarforbundet. Det må òg diskuterast nærmare om Forskarforbundet sine representantar ved universiteta og høgskolane er reelle kontaktpersonar for doktorgradskandidatane når det gjeld saker som t.d. forholdet mellom doktorgradskandidat og rettleiar. DION har fått tildelt middel for å ta kontakt med dr.kand. ved dei andre universiteta. Møtet med Forskarforbundet og kandidatane frå Oslo, Bergen og Tromsø er eit godt utgangspunkt for å setje i gang eit organiseringsprosjekt. Forskarforbundet er òg interessert i dette.
Eit anna tema var statusen til doktorgradskandidatane. DION i Trondheim meiner at doktorgradskandidatane er arbeidstakarar og ikkje studentar (sjå t.d. DION sitt innlegg i Universitetsavisa og diverse møtereferat frå DION sine styremøte). Diskusjonen viste at doktorgradskandidatane generelt manglar eit bevisst forhold til sin eigen yrkessituasjon. I og med at mange kjem direkte frå hovudfaget, er det lett å halde fram med å føle seg som student. I mange tilfelle støtter også professorane opp under eit slikt syn. Doktorgradskandiatane og Forskarforbundet bør arbeide mot ein betre definisjon av doktorgradskandidatane sin status. Dette går bl.a. ut på at ein bør forhandle seg fram mot eigne ordningar i forhold til studentsamskipnader, barnehagar og transportorganisasjonar som fokuserer på statusen som forskarrekruttar og ikkje som studentar.

Statusspørsmålet er òg knytta til representasjonen i ulike universitetsorgan. DION har i lengre tid prøvt å komme fram til klarare reglar for representasjon og også kompensasjon (sjå diverse styremøtereferat). På sikt bør doktorgradskandidatane og Forskarforbundet fokusere på at mellombels tilsette og doktorgradskandidatar ofte kan ha ulike interesser og at desse interessene bør vere representerte på sjølvstendig grunnlag med eigne representantar der det er naturleg (t.d. i fakultetsstyre o.l.).

4. Oppsummering
Det er generelt viktig at Forskarforbundet har ein konkret politikk som er retta mot doktorgradskandidatane. Doktorgradskandidatane bør vere med i utforminga av denne politikken. Forskarforbundet på si side saknar større engasjement frå doktorgradskandidatane. Men ein skal ikkje gløyme at medlemmane betalar kontingent til Forskarforbundet, dvs. det er rimeleg å krevje at Forskarforbundet gjer seg synleg i miljøet og stimulerer til engasjement. (Det har òg blitt diskutert om ein burde ha eit system med vervepremiar.) Doktorgradskandidatane på møtet var innstilte på å gjere sitt for informere andre dr.kand. om Forskarforbundet og det vil òg bli jobba mot større kontakt mellom dr.kand. ved dei ulike universiteta (og høgskolane). Astri Ottesen føreslo at ein bør arrangere eit større seminar i regi av Forskarforbundet til våren. Ballen er spela over til Joar Flynn Jensen og Forskarforbundet.

Møtet vart avslutta med ein koseleg fagleg-privat middag på "Touch of France". Og denne første kontakten verkar absolutt lovande for framtida.

Referent
Jens Haugan


5. Tilleggskommentarar
Jo Saglie (e-post 26.11.97):
Bedre informasjon er en nødvendig, men ikke en tilstrekkelig betingelse for organisering. Skal en doktorgradskandidat melde seg inn, må han/hun også mene at nytten overstiger kostnadene. Det er mange gode målsettinger i informasjonsmaterialet, men en del stipendiater vil nok tvile på Forskerforbundets vilje til å arbeide for disse målene. (Det er f.eks. ikke så lett å framheve lønnsmålsettingen på 275 000,-, så lenge lønnsslippen vår viser at vi ikke har blitt prioritert ved lønnsforhandlingene.) Derfor bør Forskerforbundet kanskje heller prøve å dokumentere hva de faktisk har oppnådd for doktorgradskandidatene. De kan f.eks. prøve å sette opp en "skryteliste" til bruk i vervingen.
[...]
Jeg er helt enig i det som står om vår status. Men det bør kanskje presiseres sterkere hvorfor denne statusen er så viktig. Dette gjelder ikke bare vår selvfølelse. "Studentifiseringen" har mange uheldige konsekvenser. Et eksempel er arbeidsledighetstrygd-saken, der "student-status" brukes for å nekte oss trygd. Et annet er at "opplæringssituasjonen" brukes som argument for å gi oss lav lønn.

Til oppsummeringen: Det går kanskje an å uttrykke seg litt krassere her. Slik jeg ser det, er det en ond sirkel her. Hvis forskerforbundet ikke prioriterer stipendiaters interesser, vil ikke stipendiater engasjere seg i forbundet. Og hvis stipendiater ikke engasjerer seg, vil forbundet forbli dominert av professorer og førsteamanuenser -- som bruker organisasjonen til å fremme egne interesser. Spørsmålet blir da hvordan denne sirkelen kan brytes.

Et par mindre saker:
... "det først og fremst er to store opptak ved universiteta kvart år".., står det. Dette gjelder ikke overalt. Ved SV-fakultetet i Oslo kan stipendiatstillinger utlyses og ansettelser skje når som helst, uten noe klart mønster. Men en mulighet (som jeg glemte å nevne på møtet) er å bruke manntallslistene, som utarbeides ved valg av stipendiatrepresentanter til styrer og utvalg.

... "mange kjem direkte frå hovudfaget"... Her er det sikkert store forskjeller mellom fagene. Men på vårt institutt er det så å si umulig å gå rett fra hovedfag til doktorgradsarbeid. Alle stipendiatene her har minst ett års yrkeserfaring imellom, gjerne fra frittstående forskningsinstitutter. Årsaken er bl.a. at man må bruke mye tid og arbeid på å planlegge doktorgradsprosjektet og utarbeide prosjektbeskrivelsen.


DION
Last modified: Tue Nov 11 13:37:02 MET 1997