REFERAT FRÅ STYREMØTET 19.06.97

Stad: EGON
Tid: 18.00-1930

Møtet var planlagt som eit avsluttingsmøte før sommaren.
Til stades: Anne Brekken, Arne Fredheim, Jens Haugan, Rune Tønnessen

Saker:
1. Forskarforbundet
Jens orienterte om at DION hadde fått svar på brevet til Forskarforbundet. Informasjonssjef Jan Glendrange i Forskarforbundet vil gjerne ha eit møte med DION (eigentleg helst før sommaren, men elles i veke 34/35).
DION skal ha eit planleggingmøte før det for å setje opp nokre punkt som bør diskuterast.
DION vil bl.a. gå inn for redusert kontingent for doktorgradskandidatar. Ein bør òg diskutere forholdet at "sjefane"/rettleiarane er organiserte i den same foreininga.

2. Kompensasjon for deltaking i råd og utval
Denne saka byrja å dra ut ... - men DION (v/ Jens Haugan) har fått ein telefon (og seinare eit brev) frå Ragnhild Lofthus (Avd. for fagleg utvikling og forsking) om at eit forslag om kompensasjon for arbeid utover ein månad no blir sendt til høyring. DION ventar spent på innstillinga.

3. Samordning av dr.ing. og dr.scient.graden
Innstillinga er ferdig og vil bli send ut på seinsommaren. Den nye ordninga vil truleg tre i kraft frå hausten 1998 (?).

4. Ymse
- Det verkar som om driftsmidla blir handterte på ulike måtar ved dei ulike fakultet/institutt. Det er svært merkeleg at nokre doktorgradskandidatar får disponere alle pengane sine meir eller mindre som dei sjølve vil, mens andre ikkje har direkte tilgang på pengar. For enkelte stipendiatar er det faktisk rettleiaren som betaler bøker og utstyr (av insentivmiddel o.l.). DION bør sjå litt meir på driftsmiddel og prøve å kartleggje situasjonen.

- Det ser ut til at det ikkje er så lett å rekne ut arbeidsbelastninga for labtimar og korleis ein skal finne ut forholdet til arbeidsplikta. DION ventar på innstillinga om kompensasjon før det blir gjort noko meir.

- Kurs i samband med doktorgraden. Styret diskuterte kurs og vitnemål med karakterar.


Anne arrangerer det neste møtet. (Tidspunktet bør vere ca. kl. 16.15)


Referent: Jens Haugan, 19.06./11.08.97

DION
Last modified: Thu Sep 25 10:52:07 MDT 1997