REFERAT FRÅ STYREMØTE 22.05.97

DION styremøte
torsdag, 22.05.97, kl. 09.15-10.30
i kantina på Dragvoll.

Til stades: Asta Håberg, Britt Dalen Laux, Rune Tønnesen, Are Osen, Oluf Bøckman, Jens Haugan, Rolf Jarle Aaberg (kom 09.45)
Forfall: Anne Brekken og Arne Fredheim hadde meldt forfall.

Agenda:
1. Ny vararepresentant for Mat.Nat.
2. Kompensasjon for deltaking i råd og utval
3. Reisestipend for dr.ing.-stipendiatar
4. Konferansen i Miskolc, Ungarn
5. Oppsummering av orienteringsmøtet, 22.04.97
6. Ymse

____________________________________________

1. Ny vararepresentant for Mat.Nat.
Anne Brekken måtte dessverre melde forfall, men Styret valde likevel å ønskje ho offisielt velkommen som ny vararepresentant for Mat.Nat.-fakultetet i staden for Frank Antonsen. Vi takkar herved også Frank for innsatsen.

2. Kompensasjon for deltaking i råd og utval
DION har fått svar frå Administrasjonen på søknaden om kompensasjon for deltaking i råd og utval (21.04.97).
DION v/Jens Haugan har skrive eit nytt brev (28.04.97) til administrasjonen om å få ei ny vurdering av doktorgradskandidatane sin søknad. Saksbehandlar Tove Strand kunne i dag (22.05.97) opplyse om at DION skulle få svar på det siste brevet, men at det ikkje var ferdig behandla enno. Søknaden ligg no hos Rektor.
DION avventar svaret før eventuelle nye utspel.

3. Reisestipend for dr.ing.-stipendiatar
Kontorsjef Kristen Mo ved Fysisk institutt har sendt DION (v/Jens Haugan) informasjon om Reisestipend for dr. ing studenter - ekstra utlysning.
Informasjonen er distribuert vidare til Oluf Bøckman og Are Osen.
Styret diskuterte i samband med det legat og fond ved NTNU. Kristen Mo skreiv elles at "Kollegiet i sitt stiste møte vedtok felles reglement for alle dr. grader ved NTNU". DION får ikkje dette til å stemme.

4. Konferansen i Miskolc, Ungarn
DION vil svært gjerne vere representert på doktorgradskonferansen i Miskolc, men det ser ut til at der ikkje er avgjort kven som skal reise. Styret meiner at DION bør kunne dekkje reisutgifter i samband med ei slik reise.
Arne Fredheim har tidlegare meldt si interesse. Anne Brekken vil òg bli spurt.

5. Oppsummering av orienteringsmøtet, 22.04.97
- DION vurderer om ein skal arrangere tilsvarande møte kvart år.
Det er ikkje sikkert at ein vil kunne oppretthalde interessa for slike møte. Eit alternativ ville vere å ha årsmøte (=allmøte) med aktuelle diskusjonstema. DION føler i alle fall eit behov for å ha meir kontakt med større grupper doktorgradskandidatar. Dersom ein utvidar årsmøtet til å bli eit diskusjonsmøte, bør ein har ferdige forslag til styremedlemmar for å unngå at folk ikkje møter opp fordi dei er redde å bli valde inn i eit eller anna.
- Det verkar elles som om fagorganisasjonane har "kontaktvanskar" når det gjeld å nå ut til doktorgradskandidatane.
Føler vi eigentleg at organisasjonane representerer oss?
Blir doktorgradskandidatane prioritert av nokon av organiasjonane?
Får ein noko igjen for det det kostar å vere medlem i t.d. Forskarforbundet, som ikkje eingong har redusert kontingent for doktorgradskandidatar i motsetnad til NIF?
For medlemskapet i Forskarforbundet har doktorgradskandidaten betalt over 5.000.- kroner når han/ho er ferdig - og kanskje har ein ikkje jobb eingong etter disputasen ...
DION skriv eit brev til Forskarforbundet sentralt med kopi til Forskarforeininga og ber dei vurdere om dei bør byrje å tilby doktorgradskandidatar redusert medlemskontingent.

6. Ymse
Britt ønskjer å trekkje seg frå SFU. DION-HF prøver å skaffe ein ny KVINNELEG kandidat frå HF eller SVT.
______________________
Stikkord til neste møte:
- kompensasjon for deltaking i råd og utval
- DION og Universitetsavisa
- finne folk som er interessert i å reise til Ungarn
- Rolf Jarle tenkje ut nokre stikkord (kladd) for eit brev til ein minister og organisasjonane om arbeidsløyse, stipend, rekruttering


_______________________
Neste møte:
Torsdag, 19.06.97
kl. 18.00
på EGON (!)



DION
Last modified: Thu Sep 25 11:59:20 MDT 1997