ORIENTERINGSMØTE 28.04.97

Referat fra orienteringsmøte for doktorgradskandidatar 28.04.97

DION inviterte til orienteringsmøte med nokre (dei viktigaste) av fagorganisasjonane som ønskjer å representere doktorgradskandidatane sine interesser.
Innkallinga blei sendt til meir eller mindre alle doktorgradskandidatar ved NTNU med tilhald i Trondheim. Møtet vart òg annonsert på internett: NTNU på pulsen, NETTOPP og DION si heimeside.

Trass i dette massive framstøtet var det berre litt over 70 doktorgradskandidatar som fann vegen til auditorium S2 på Gløshaugen måndag, den 28.04.97, kl. 14.15.
Ein må likevel kalle dette eit bra oppmøte sidan doktorgradskandidatane hittil ikkje har engasjert seg så alt for mykje for å diskutere sine eigne arbeidsforhold.
Vi som har engasjert oss i DION i over eitt år no, vart litt overraska når det viste seg at halvparten (!) av forsamlinga ikkje hadde høyrt om DION før. Vi får prøve å markere oss litt betre i framtida ...

Dei følgjande organiasjonane var representerte på møtet:
  • DION v/ leiar Jens Haugan og sekretær Arne Fredheim (og resten av styret i salen)
  • Forskarforbundet v/ fungerande leiar Helen Hognestad
  • Leger i vitenskapelige stillinger/Yngre legers forening (YLF) v/ Trine Sem
  • Norske Sivilingeiørers Forening (NIF) v/ Knut Lyng Sandvik

    1. DION
    DION informerte om arbeidet sitt og kva som førde til at organisasjonen oppstod i 1996.
    DION er ikkje ein fagorganisasjon som har som mål å organisere alle doktorgradskandidatane i Noreg. DION har heller ikkje rett til å forhandle med Staten på vegner av doktorgradskandidatane.
    DION ser derimot på seg sjølv som ein interesseorganisasjon som prøver å arbeide for betre - og likeverdige forhold - for doktorgradskandidatane ved NTNU.
    Ein betaler ikkje kontingent for å vere med i DION, og ein treng ikkje å melde seg inn i DION. (Sjå DION sine vedtekter.) DION sitt styre består berre av doktorgradskandidatar.
    DION er derfor ikkje nokon fagorganisasjon som dei tre andre organisasjonane som var representerte på møtet.

    2. Forskarforbundet
    I staden for å komme med for mange feilaktige opplysningar om Forskarforbundet, kan vi vise til Forskarforbundet si heimside.
    Men eg vil likevel referere nokre punkt frå møtet.
    Det vi kan seie her, er at Forskarforbundet er éi av 35 foreiningar som er tilknytte AF. Leger i vitenskapelige stillinger (LVS) har meldt seg ut av AF, og Forskarforbundet har derfor ikkje forhandlingsrett for legar.
    Forskarforbundet har visst halde på sidan 1953 og seier at dei er den einaste organisasjonen som ivaretek interessene til vitskapleg tilsette. Dei engasjerer seg bl.a. for betre arbeidsforhold for forskarar og forskarutdanningspolitikk, men innrømmer at dei stiller svakare når det gjeld rekruttering (Forskarforbundet har bl.a. ikkje studentmedlemskap).
    Forskarforbundets medlemmar består av 30% stipendiatar og 60% vitskapleg tilsette (eg hugsar ikkje kven dei siste 10% er ...).
    Forskarforbundet engasjerer seg elles for
    post.doc. ved alle universitet, dagpengar for disputasen (er i samtale med trygderetten), minst 275.000.- i lønn til stipendiatar, få ettergjeve studielånet med 50.000.- etter disputas (cf. hovudfagsstipendet), ulike former for fullføringsstipend, betre personalpolitikk, rettleiing, utanlansdsopphald, meir pengar til utstyr, fleire stipendiatstillingar og fleire faste stillingar innan utdanning og forsking, lik behandling av kvinner og menn ved tildeling av barnehageplassar, betre forhold for kvinnelege stipendiatar
    Då burde vi ha fått med oss dei viktigaste poenga ...

    3. Leger i vitskaplege stillingar/Yngre legers forening
    Som nemnt er legane ikkje lenger organiserte i AF. Det finst visst 7 yrkesforeiningar som representerer legane. Yngre legers foreining har ca. 1200 medlemmar, derav 25% stipendiatar.
    Stipendiatar innan legevitskapen er visstnok gjennomsnittleg eldre (ca. 36 år) enn stipendiatar frå andre fagområde. Dei er ferdige med turnusteneste og har gjerne spesialutdanning. Det er derfor meir aktuelt for legane å engasjere seg i lønnsspørsmål som er eit satsingsområde i forhandlingane. Yngre legers forening prøver å påverke medlemmane sine til å drøfte lønn når dei blir tilsette og meiner at rettleiarane òg bør stille opp for kandidatane sine. Elles engasjerer ein seg sjølvsagt innan rekrutteringspolitikken. Legane har òg som mål å forhandle seg fram til ei nedskriving av studielånet med 50.000.- etter disputas. Andre ting er: legars vidare- og etterutdanning, bistand individuelt ved tvistar mellom stipendiat og rettleiar, kurs for rettleiarar, arbeidsforhold generelt, individuell støtte til kandidatane.
    Legeorganisasjonane har òg heimeside(r).

    4. Norske sivilingeniørers forening NIF
    Ingeniørane har sjølvsagt òg ei eiga heimeside.
    NIF ser på seg sjølv som både ei fagforeining og ei ideell foreining.
    NIF har ca. 33.000 medlemmar som er siv.ingar, cand.scientar, arkitektar, folk frå landbruk og fiskeri og andre. Medlemmane er fordelte slik:
    - ca. 25.000 yrkesaktive
    - ca. 2.500 pensjonistar
    - ca. 5.000 studentar
    Andre tal er: 60% under 40, 76% i privat sektor, 29 leiarar, 14% kvinner
    årleg tilvekst: ca. 1.000
    NIF prøver å skape eit fagleg nettverk og er engasjert i lønns- og interessespørsmål.
    Påverknaden går frå NIF gjennom AF sentralt og mot Staten. Ei etatgruppe ved NTNU tek seg av lokale lønnsforhandlingar og arbeidsvilkår.
    Rekruttering til Gløshaugen er eit vanskeleg men viktig område fordi næringslivet kaprar lovande kandidatar vha. høgare lønn. NIF engasjerer seg for post.doc.-stipend ved NTNU, for arbeidsløysetrygd og for betre vilkår med omsyn til studielånet. Det er visst ikkje mogleg å forhandle lokalt. Det er òg eit problem at doktorgradskandidatar ikkje er representerte i NIF. Dette har å gjere med arbeidsforholda til stipendiatane (arbeidstida/avgrensa tilsetjingspreiode ...), men ein vil visst jobbe for å få med doktorgradskanidatar i framtida.
    SINTEF B stipendidatar har ein vanskeleg posisjon i systemet fordi ingen vil ta på seg arbeidsgjevaransvaret for dei. NIF engasjerer seg i saka.
    Eventuelle streikar i AF skal ikkje ramme doktorgradskandidatar ved avlysing av disputas e.l.
    Elles har NIF livslangt medlemskap og også studentmedlemskap (redusert kontingent).

    Diskusjon / spørsmål frå salen
    Etter presentasjonen av fagorganisasjonane vart det opna for diskusjon. DION sin sekretær Arne Fredheim hadde innleiinga der han skisserte ei rekkje problem som spørsmålet om ein er student eller arbeidstakar. Lånekassa behandlar doktorgradskandidatar som arbeidstakarar mens Arbeidsdirektoratet reknar oss som studentar. Universitetet i Oslo har uttalt seg klart og slått fast at vi er arbeidstakarar, NTNU har ikkje noko offisielt syn enno, men uoffisielt meiner ein det same her. Universitetsrådet har bede om ei revurdering av doktorgradskandidatane sin status.
    Lønnsramma for stipendiatar er visst still.kode 30 - 39. Dei aller flest hamnar derimot i ltr. 30. Er det på tide å bruke skalaen i større grad? Gløshaugen har t.d. problem med å rekruttere doktorgradskandidatar pga. konkurransen frå næringslivet.
    Kva har bortfallet av rentefritaket å seie for rekrutteringa?

    Kommentarar frå organiasjonane og innspel frå salen:
    (eg kan dessverre ikkje refere alle svara som vart gjevne; eg fører derfor berre opp nokre stikkord)
    - stipendiatperioden er som regel 3-4 år; dette er for kort tid til å forhandle for dr.kand.
    - det vart føreslått at kvart insitutt skulle kunne tilby individuelle lønns- og arbeidsforhold
    Dette ser ikkje ut til å vere særleg heldig når ein ser doktorgradskandidatane under eitt
    - lønnsnedgang på 10-20% fordi vi har mista rentefritaket. Det er eit ønske om å aksjonere for t.d. nedskriving av studielånet med 50.000.- kroner
    - kva er vitsen med fagforeiningar når dei berre kranglar?
    LO går inn for færre og større fagorganisasjonar. Det er eit problem at ein har mindre slagkraft med mindre organisajonar det er generelt for lite engasjement frå vitskapleg tilsette
    - kva er grunnen til at YLF har meldt seg ut av A? Vil doktorgradskandidatane kunne splittast? Har ein mista viktige støttespelarar? - korfor har ikkje Forskarforbundet studentmedlemskap?
    - kompensasjon for deltaking i råd og utval (ei viktig sak som DION arbeider med)
    fagorganisasjonane støttar oss
    - individuell bistand ved arbeidsløyse - er det noka hjelp å få frå organisasjonane?
    - problem kollegiestipent - kven har arbeidsgjevaransvaret?
    - stipendiatperioden er slutt og ein blir sjuk - kva skjer?
    ein har per i dag ingen rettar, ser det ut til; ein tysk doktorgradskandidat kunne opplyse at dette var mot EU-lov der ein behandla doktorgradskandidatar som arbeidstakarar
    - kvar står arbeidet med post.doc.-stillingar i dag?
    ikkje løyst enno
    - kva er skilnaden om ein dr.ing.kandidat er med i Forskarforbundet eller NIF?
    NIF har livsvarig medlemskap og er ei (lokal) arbeidsplassforeining,
    mens Forskarforbundet er den einaste interesseorganisasjonen for vitskapleg tilsette og derfor "tung" på landsbasis
    elles er det engasjert i dei same oppgåvene og har omlag like mange medlemmar i Trondheim
    - samordning av pengebruk - kven forvaltar pengane?
    Det ser ut til at driftsmidla blir handterte ulikt ved dei ulike fakultet og institutt. Kan ein finne fram til ei betre løysing?

    Ref. Jens Haugan, Leiar for DION

    DION
    Last modified: Thu Sep 25 10:39:54 MDT 1997